Torsdag
Torsdag Skyet
Skyet
Stille
Fredag
Fredag Delvis skyet
Delvis skyet
Frisk bris
tp_leserinnlegg

Statleg finansiering av eldreomsorga

STATLEG FINANSIERING AV ELDREOMSORGA KAN UTJAMNE FORSKJELLAR

Vi er inne i ein kommunevalkamp kor temaet utjamning av forskjellar er eit tema som går igjen. At det er forskjellar kommunane i mellom når det gjeld nivået på ulike eldreomsorgstilbod er det vel ingen tvil om. Ved å innføre statleg finansiering av eldreomsorga, slik Framstegspartiet (FrP) ivrar for, vil ein kunne oppnå å få større likskap kommunane i mellom. Svake grupper, som eldre omsorgstrengande gjerne er, vil ved ei slik finansieringsform kunne bli sikra meir like minimumstilbod uansett kor ein  måtte bu i dette landet. Gode, framtidsretta og utjamnande forslag om tiltak og opplegg for ei god eldreomsorg bør vurderast seriøst og takast på høgste alvor same kva politisk farge det måtte vere på dei som kjem med forslaga! Slik er det ikkje alltid, dessverre. Forsøk med statleg styrt eldreomsorg i ein del kommunar har så langt gitt gode tilbakemeldingar. Det blir hevda av KS og mange folkevalde frå ulike parti at får kommunane meir pengar blir det også meir pengar til eldreomsorg. Slik treng det slett ikkje å gå. Auka pengetilførsel kan nemleg gå til heilt andre føremål enn eldreomsorg. Evalueringa av bruken av eldremilliarden kommunane fekk i si tid etter «eldreopprøret», som heidersmannen Per Hovda hadde mykje av æra for, viste at ein stor del av pengane blei brukt til heilt andre føremål enn eldreomsorg.  Dette faktum seier sitt.

I avisa Aftenposten av 6. juli i år (s. 14-15) går det fram at i Stange, heimkommunen til Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, har Sp og FrP no gått saman om eit felles forslag der desse to lokalpartia ber rådmannen utgreie ei ordning med statleg styrt eldreomsorg i Stange. Det skal bli spennande å sjå den vidare utviklinga av denne saka.

 

Johs. J. Vaag

 

 

 

Tips en venn Skriv ut