690 marlene indiane lund og siv lilleholt 2

Står på for eit godt tannlegetilbod for innbyggjarane

I løpet av to år har den fylkeskommunale tannklinikken i Surnadal gått frå å ha tre tannlegar, til å berre ha ein. Trass den auka arbeidsbelastninga håpar klinikken at dei kjem i mål med å gje alle som har krav på det eit godt tilbod også i 2019.

Då fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik tysdag la fram budsjettforslaget sitt for 2020, vart det klart at fylkeskommunen skal kutte 112 millionar kroner i drifta neste år.

Blant kuttforslaga var å redusere talet på tannklinikkar frå 35 til 17, men på Nordmøre var den einaste foreslåtte samlokaliseringa mellom Averøy og Kristiansund. Det betyr at distriktsklinikken i Surnadal ikkje er råka av kuttforslaga.

– Vi er glade for at klinikken vår her i Surnadal består, og for at fylkeskommunen har teke hensyn i omstillinga si. Ingen lokale brukarar i nærområdet vårt vert berørt av den foreslåtte omstillinga, seier klinikkleiar Sølvi Hanssen.

Sjølv om det at klinikken i Surnadal består er ei gladnyheit, står Hanssen og resten av dei tilsette i Surnadal overfor andre store utfordringar.

For seks-sju år sidan var det fire tilsette tannlegar ved klinikken, og så seint som i 2017 var det tre; Emilie Moholdt, John Magnus Nergård og Marlene Indiane Lund.

No har både Moholdt og Nergård flytta frå bygda, og Lund står att som einaste tilsette tannlege ved den fylkeskommunale klinikken i Surnadal.
 

Strekkjer seg langt

Tilbodet tannklinikken er lovpålagt å gje innbyggarane, er likevel det same som før.

Det fører, naturleg nok, til at det blir ei auka og tøff belastning for dei tilsette. Slik situasjonen er i dag, må overtannlege Siv Lilleholt pendle frå Tingvoll ein dag i veka, for å steppe inn.

– Dette er rett og slett for å bidra til at vi klarar å gje tilbod til alle vi er lovpålagte å gje tilbod til. Det er vanskeleg, slik situasjonen er no, seier Lilleholt.

Overtannlegen, som har ansvaret for heile Nordmøre, er klar på at dei tilsette vil strekkje seg langt, for innbyggjarane sitt beste:

– Det viktigaste er at vi klarar å tilby behandling til befolkinga, og det er det og viktig for at politikarane er bevisste på.

Klinikkleiar og tannpleiar Hanssen fortel at dette per i dag er ei stor utfordring.

– Vi klarte det heldigvis i fjor, og står på i håp om å komme i mål i 2019 og.

Hanssen fortel at tannklinikken lenge har gått med planer om å få montert ein tannlegestol, riktignok utan luft og vatn, på sjukeheimen. Det har dei no fått til.

– Det har gjort jobben vår mykje enklare. Vi sparer og kommunen for kostnader, i og med at vi får sjekka allereie på sjukeheimen kva for nokre av pasientane som faktisk treng time ved tannklinikken, og som dermed må ta taxi hit.
 

Vakant tannlegestilling – av økonomiske årsaker

Tilbodet tannklinikken er lovpålagt å gje, er delt inn i ulike grupper, fortel Lilleholt:

A: Barn og unge frå 0-18 år
B: Psykisk utviklingshemma over 18 år
C: Eldre, uføre og kronisk sjuke med opphald i somatiske/psykiatriske institusjonar. I tillegg enkelte personar som mottar helsefaglege heimebaserte tenester.
D: Unge som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret. Desse har rett på 75 prosent rabatt.
E: Rusmisbrukarar

– Dersom bemanningssituasjonen gjer at ein klinikk ikkje klarar å gje dette tilbodet, pliktar vi å kutte nedanfrå på lista, seier ho.

Prioriteringslista og manglande kapasitet gjer at klinikken ikkje er i posisjon til å ta inn vaksne, betalande kundar.

Sist det vart lyst ut etter tannlege i Surnadal var hausten 2018. Det var søkarar til stillinga den gongen, men den står framleis vakant.

Av økonomiske årsaker må nemleg fylkeskommunen halde 12-15 tannlegestillingar i fylket vakante. Kvar desse vakante stillingane er, sirkulerer rundt om i fylket, for å fordele belastninga.

Lilleholt fortel at det å tilsette tannlegar er ein ting – det å halde dei i bygda har vist seg minst like vanskeleg.

– Vi har hatt veldig mange flinke tannlegar i Surnadal dei siste åra, men har ikkje klart å halde på dei, seier ho, og fortsett:

– Veldig mange soknar til store byar, som Trondheim og Oslo, og fleire har ønska seg tilbake dit. Vi har og sett at enkelte har flytta fordi det har vist seg vanskeleg for ektefellene og sambuarane deira å få seg jobb.

Overtannlegen er full av lovord om både staben og klinikken i Surnadal.

– Surnadal har ein kjempebra klinikk på alle måtar, med rutinerte, dyktige folk, som alle har fagutdanning. I tillegg er befolkninga her fantastisk, og veldig fin å jobbe med. Så det er utruleg viktig at vi klarar å gje innbyggjarane eit godt tilbod, seier Lilleholt.

1500 marlene indiane lund og siv lilleholt_690x472.jpg
Marlene Indiane Lund (t.v.) og Siv Lilleholt.