- Torsdag 24.05 Barnegolf Surnadal Golfpark
- Torsdag 24.05 Torsdagsgolf Surnadal golfpark
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Opning med Gullvåg
- Torsdag 24.05 Fotball: Rindal FK J14
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Teater NonStop
- Fredag 25.05 Vårsøghelga: Magnhild
- Fredag 25.05 Vårøghelga: Opptog
- Fredag 25.05 "Tor med hammeren"
- Fredag 25.05 Kleivakvelden
- Fredag 25.05 "Men in black 3"
Står på for dei eldre
Elevane ved Nordmøre Folkehøgskule har i vinter hatt fine tiltak for eldre i bygda. I samband med ” solidaritetsprosjektet” var det ei gruppe på aldersheimen og song og dansa. Same gruppa var også med på karneval der, og i mai hadde vi den tradisjonelle pensjonistdagen, der alle pensjonistane i bygda blir inviterte til skulen vår.
Aktivitørane ved alderheimen kan ikkje få fullrost elevane ved skulen nok. Fysioterapeut Conny Hubner seier at besøka frå folkehøgskuleelevane, er litt av eit høgdepunkt for dei eldre. Mange som ofte blir sittande mest i ro, kjem seg på føtene og dansar. Dei syng med når elevane syng, og smiler frå øre til øre. For den som er med og styrer det heile, er det ein inspirasjon å sjå det engasjementet ungdommane legg for dagen, og kor ekte dei gler seg med dei eldre.
Pensjonistdagen har vore ein tradisjon i 31 år. Det vart starta da Harald Kalland var rektor. Her presenterer elevane eit vidt spekter av underhaldning, men det er nok koret som er det store høgdepunktet. Her er alle elevane med.































