Språkperler på museet

Er du «ledlunn» eller «sekturleg»? Kva er «nerdellå»? Lokale språkperler glitrar på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Lektor Gunnvald Bøe opnar siste utgåve av dialektsamlinga «Teft og tykkje» og deler raust av muntre og seriøse godbitar derifrå og frå eiga lomme. Han utfordrar også publikum i dialekt-konkurransen Haubrott.

 

Dessutan blir det presentert dikting av mange, dels relativt ukjende, lokale forfattarar. Leiv Bæverfjord, Gunnar Moen, Kåre O. Bøklepp, Bjarne Megard og Jørgen Gravvold har skrive mykje artig, vakkert og tankevekkande – og som mange ikkje har høyrt.

 

Kjøkenet har kaffe med mykje attåt.

 

Språkperler 02 Gunnv JG TT.jpg

Gunnvald Bøe byr på dialektkonkurranse, Jørgen-dikt og andre lokale språkperler søndag.

 

Plakat Museet 2014 08 24.jpg