Gunvald Bøe-spræk engasjerer

Språk engasjerer

Gunnvald Bøe opna språkdører på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Dialekt og etymologi som impulsar til god språkbruk stod på programmet. 

Bildet over: - Kva kallar de dette? spurte Gunnvald Bøe og fekk ulike svar frå salen – alt etter kvar dei frammøtte kom frå.

Den pensjonerte norsklektoren gav innsikt i dialektiske særdrag frå ymse kantar av landet og viste samanhengen mellom daglegtale og skriftnorm.

Eksempla på ords opphav gav ny innsikt for mange i salen. – Når vi kallar spikaren i klinkabåtar for «saum», er det fordi båtborda i eldgammel tid bokstaveleg var sauma saman med sener, forklarte han. – Og at dalen sørafor oss heiter Sunndalen, har samanheng med engelsk «sun» - fordi sola jo står i sør!

Folk i salen kom med gode innspel – om både «ruku», «kringelhauk» og andre lokale ord. Og da kunne kåsøren vise fram den rykande ferske utgåva av museets dialektbok «Teft og tykkje», som med sine over 2000 oppslag har løysing på mange nordmørske sprøknøtter.

Bolkane med opplesing viste god dialektbruk i litterær praksis. Frå boka «Tante Borg» var skildringa av «kveldsittå» i gamle dagar ei perle. Leif Halse sine bøker viser kor todalsdialekten kan fargelegge flytande nynorsk. Og stubbane om huldra og vergjen frå Edvard Langset sine nordmørske samlingar sa mykje om både språk og folketru for hundre år sia.

Programmet var avslutta med ein liten dialektkonkurranse, som skapte stort engasjement rundt kaffeborda.

Haugbrott-språk engasjerer.png

Dialektkonkurransen engasjerte. Rundt næraste bordet sit frå venstre Olav Jan Sættem, Inger Solem, Gyda Stolsmo, Karen Bøklep og Bernhard Bøklep.

Tekst/Foto: Bernt G. Bøe

 

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.