Picasa

Spektakulær bedehuskonsert

Vårsøghelga vart avslutta med konserten «Anders og Trygve» i Surna Bedehus søndag kveld. Det let av strengene både på fiolinen og det nye konsertpianoet, utan at ein kan kalle det bedehusmusikk.

Henning Sommerro kunne fortelle at denne siste konserten i Vårsøghelga var den første som vart klar. Opplegget vart til under ein tur i lag med Anders Larsen, og det var musikken til komponisten Halfdan Jebe fra Trondheim som sette det heile igang.

Jebe var ein globetrottar som oppheldt seg i mange land før han enda opp i Mexico. Det er lite musikk som er kjent frå han. Truleg er han ikkje framført i Norge dei siste 60-70 åra, sa Sommerro. Kanskje det vart framført ein sats for 20-30 år sidan.

Henning Sommerro Surna bedehus 29.05.2016_690x460.jpg
Sommerro kommenterte den historiske hendinga og heile konsertprogrammet med at «surndalingane godtek alt, særleg når det er surndalingar (og stangvikgjeldingar) som framfører det!»

Kveldens verk av Halfdan Jebe var «Sonate nr.1 Allegro con fuoco», som ein godt ut ifrå stilen kan tolke som heimlengt frå ein som levde mesteparten av livet sitt utanlands.

Trygve Brøske og  Anders Larsen 2 Surna bedehus 29.05.2016_690x457.jpg
Men konserten til fiolinisten Anders Larsen og pianisten Trygve Brøske opna med det mest spektakulære stykket: Georg Krumb: «Four Nocturnes, Night Music II». Fingerspel fekk ein ny dimensjon! Spelmennene spelte pizzicato, klimpra og dunka direkte på strengene og på treverket. Enkelte gong også på tangentane! Det var både mjuke og vare fiolintonar og harde slag i flygelet. Alt i tett og godt samspel mellom Anders og Trygve! Finns det fleire måtar enn dette å spele fiolin og flygel på?

Det underlegaste av alt var at dei spelte etter notar!!

Før pausen fekk vi eit stykke av den polske komponisten Witold Lutoslawski, «Partita» i 5 satsar. I kommunisttida spela han visstnok slagermusikk for å overleve. Seinare vart han inspirert av vestleg kunstmusikk, og Sommerro meinte vi kunne høre inspirasjon av både moderne bråk og støy i musikken hans. Mesteparten var nedskrive, men det var fritt fram for improvisasjon.

Dei 60-70 tilhørarane i Surna Bedehus var lydhøre til den uvante musikken, til tider var det åndlaust stilt for å få med alle detaljane. Samspelet mellom Anders og Trygve var tett, Anders spela så busta føyk og flygelet fekk harde sprintetappar frå fingrane til Trygve. Ein kunne nærmast oppleve musikken som ei mannjamning mellom instrumenta. Omgrepet «Bedehusmusikk» fekk nytt innhald!

Etter ein pause vart det meir melodiøs musikk. «Spiegel im spiegel» komponert av estlenderen Arvo Pärt var så nær vår tid at notane til Trygve var på Ipad. Vi fekk her høre varemerket til Pärt, ein bjøllestil, ein kort melodistemme som blir repetert om att og om att.

Frå før er det mange som kjenner den franske komponisten Maurice Ravel for melodien «Bolero». I kveld fekk vi høre «Tzigane» fra den franske instrumentatoren. Her fekk Anders og fiolinen opne med ein lang solo før flygelet kom med.

For ein leik på strengene vi fekk oppleve, både på flygelet og fiolinen! Ertande og riktig livått!

Det måtte bli ekstranummer, meinte publikum! Vi fekk Alban Bergs Nattergalen.

Vi fekk oppleve ei kraftanstrengelse av ein konsert frå dei to musikarane, både framandt og kjent tonebilde, i eit lokale som passar perfekt for slik musikk. Kunsten på veggene var også god å kvile augene på.

Klikk her og sjå tidlegare oppslag på Trollheimsporten om sommarutstillinga i Surna Bedehus.

Surna bedehus 1  29.05.2016_690x460.jpg
Surna Bedehus, med kunstgalleri, har fin kveldsutsikt.