ps margrethe svinvik, mali hildrun settem, gunhild bøklep bøe, eli vullum kvande og erik moen

Sp og MDG inngår politisk samarbeid – sikrar Svinvik ordførarklubba

Listetopp Eli Vullum Kvande frå Miljøpartiet De Grønne bekreftar at MDG og Sp inngår eit politisk samarbeid den neste perioden. – Mykje av politikken vår er lik, og vi er samde mellom anna når det gjeld jordvern, seier Kvande. Senterpartiet er og glade for samarbeidet, og at ordførarvervet no er sikra.

Med Senterpartiet sine 13 mandat og MdG sitt eine, har dei to partia fleirtal blant dei 27 kommunestyrerepresentantane i Surnadal.

Dei to partia har vore i samtalar etter at mandat- og representantfordelinga vart klar tysdag ettermiddag.

MDG, som støtta Lilly Gunn Nyheim då ho vart ordførar for fire år sidan, inngår no samarbeid med Senterpartiet.

Og Eli Vullum Kvande bekreftar at det er snakk om eit politisk samarbeid, og ikkje berre eit valteknisk samarbeid for å sikre at Svinvik vert ordførar.

– Dette samarbeidet gjer at vi får fleirtal saman med eitt anna parti (Sp), medan vi på den andre sida måtte ha forheldt oss til fire parti, seier Kvande, og fortsett:

– Mykje av politikken vår er lik, og vi er samde mellom anna når det gjeld jordvern. Der har Ap gått ut med ein del valkampsaker vi ikkje kan stille oss bak.

Vullum Kvande, som fekk flest slengarar av alle listekandidatane i Surnadal ved årets val, har tru på at MDG og Sp kjem til å samarbeide godt, og at Margrethe Svinvik vert ein god ordførar for Surnadal.

– Eg trur Margrethe kjem til å gjere ein god jobb som ordførar. Som einingsleiar i kommunen har ho mykje erfaring som er god å ha med seg, og det er positivt at ho uttalar at kommunestyret skal vere ein verkstad der alle skal jobbe saman til det beste for kommunen.

Det er per no ikkje bekrefta kva verv eller posisjonar MDG og Vullum Kvande får som del av samarbeidet.

– Vi har starta samtalane, men ein må passe på så ein ikkje forhastar seg. Det viktige er at vi finn rett folk på rette plassar, og no har vi nettopp fått vite kven som har komme inn i kommunestyret frå dei ulike partia. Vi i MDG ønskjer enkelt og greitt å utrette mest muleg politikk, seier Kvande, som ikkje let seg lokke frampå når det gjeld mulegheitene for at ho vert Surnadal sin neste varaordførar.

Nils Håvar Øyås i Surnadal Sp er glad for at ordførarvervet no er sikra.

– Vi jobbar både med varaordførar og vidare konstituering. Det at vi har fått ei avklaring rundt ordførarvervet er sjølvsagt supert. Margrethe kjem til å gjere ein kjempejobb for heile surnadalssamfunnet, saman med eit godt lag, seier han.