Songkveld i Stangvik a_700x351

Songkveld i Stangvik

Stangvik Jentekor har fått med seg Jubilate frå Surnadal, Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor og inviterer til songkveld i Stangvik-kyrkja onsdag.

Den nye salmeboka blir bruka flittig denne kvelden. Organist Bernt Gudrunson Bøe tek forsamlinga med på små visittar inn til salmistane for å avsløre ideane bak ein del nye og eldre salmar. Sceniske tips i tekstane blir også sette ut i praksis.

Kora syng saman og kvar for seg. Dei vaksne framfører både Beethoven og Wennerberg. Barna byr på vakre glimt frå den nyare salmeskatten.

Og det blir sjølsagt mykje allsong.

Songkveld i Stangvik b.jpg