frå setersetra_1024x683

Tips 12: Setersetra

Sommartur i Surnadal

Det finst mange setervollar rundt om i Surnadal som også er utmerka turmål. Dei ligg ofte eit godt stykke oppi lia, og passar derfor perfekt til ein trimtur etter arbeidstid eller ein søndagstur med barna. Bygningane på Setersetra ovanfor Surnadalsøra er for lengst bort, men utsikten på plassen er sjølvsagt like fin som den gongen det var liv og røre rundt seterbygningane der. Vil du forlenge turen, er det også muleg å følgje stien vidare opp på Syltnebba. Denne stien er mykje tørrare og finare enn når du går opp frå Grytfeltet.

Flott utsikt over Nedre Surnadal frå Setersetra. Alle foto: Norunn Holten

Turen til Setersetra er ein typisk skogstur, men turmålet er likevel eit utsiktspunkt. Dette burde gjera turen til ein populær korttur for lokalbefolkninga, men den kan også anbefalast til andre som er lei av å gå den same ruta om og om igjen. Ruta vi her presenterer, følgjer ein gammal sti som folk på Øra har bruka til Setersetra frå gammalt av.

Fakta om turen:

Stad Surnadalsøra→Setersetra→Surnadalsøra
Type tur Vandring
Gradering Blå (lett)
Kulturminne Nei
Beskriving av kulturminne -
Turbeskriving- trase’ Start på Surnadalsøra der den austre vegen opp mot bedehuset tek av. (Viss du kjem frå Setergarden, har du da berre passert fire hus på øversida av vegen etter at du kjem til sjølve Øra.) Gå oppover denne vegen, men ta av til venstre rett før du kjem fram til bedehuset. Du fortsett da forbi det øvste huset på Øra og skrår deg vidare oppover og utover lia. Ikkje langt oppi lia deler vegen seg igjen. Vegen fortsett framover, men ein tydeleg sti tek av til venstre oppover. Der fortsett du rett fram etter vegen du kom, til du kjem til Løftabekken, som er skilta. Da går du på skrå oppover mot venstre. Så følgjer du vegen fram til neste bekk, Seterbekken, der vegen endar i en jorddunge. Her tek du stien oppover mot setervollen. Det er ein del vindfall på stien, men desse går du berre rundt. Du treng heller ikkje vera redd for å rote deg bort, for du har heile tida bekken og lyden av han utanfor deg når du svingar deg oppover lia. Stien blir meir tydeleg når du kjem høgare opp, og da er det berre å følgje den til du er framme på Setervollen. Der er som sagt alle seterbygningar borte, men det er reist ei hytte i framkant av vollen. Vil du vidare til Syltnebba, går du mot øvre kant av setervollen der stien går av stad nedanfor eit granfelt. Denne stien er såpass tydeleg at det ikkje skal by på problem å følgje han heilt fram til toppen av Syltnebba.
Startpunkt Surnadalsøra
Sluttstad/turmål Sluttstad: Surnadalsøra. Turmål: Setersetra (eller Syltnebba)
Parkering ved startpunkt Ja. Parker på det opne arealet ned mot hovudvegen, minst fire meter nedanfor det raude huset.
Type underlag Først skogsveg, sidan sti.
Stigning Jamn motbakke, men ingen stader stupbratt.
Total stigning 350 meter
Offentleg transport Her må du satse på privat skyss, gå eller sykle til startpunktet.
Spesielle forhold Sidan det er ei privat hytte på setervollen, bør du finne andre plassar for bålbrenning og anna camping.
Kart Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

startpunkt_1024x683
Startpunktet på Øra.
øra_1024x683
Surnadalsøra sett ovanfrå.
vegskilje_1024x683
Her må du fortsette rett fram, ikkje ta av oppover stien.
løftabekkjen_1024x683
Ta av oppover mot venstre ved Løftabekken.
frå setersetra_1024x683
Utsikt frå Setersetra.
setervollen_1024x683
Setervollen med hytta i framkant.
utsikt_1024x683
Fortsett du oppover mot Syltnebba, ventar mange fine utsyn over fjorden og bygda.