Damvatnet_1024x683

Tips 12: Damvatnet

Sommartur i Surnadal

Damvatnet er eitt av fleire fine turmål med utgangspunkt i Øyeområdet. Du kan gå til Damvatnet frå fleire utgangspunkt, men vi har valt skuleområdet på Øye mellom anna fordi dette er sentralt og lett å koma seg til. Det er også greitt å orientere seg etter skogsvegane derifrå når ein først veit kvar ein skal. Her er det nemleg mange skogsvegar, og turen er så å seie ikkje skilta. Skiltet som tidlegare viste vegen mot Damvatnet er no ulesbart, men så lenge det berre er ein sideveg med ein grå treplanke på tvers slik passe høgt oppi eit tre, finn ein jo fram likevel…

Oktober ved Damvatnet. Alle foto: Norunn Holten

Turen opp til Damvatnet er ein typisk skogstur. Dette er ein tur der det ikkje er den store utsikten som lokkar, men eit veldig koseleg turmål. Ein rast ved Damvatnet vil vera ei triveleg oppleving for både vaksne og barn, og derfor eit godt alternativ for ein søndagstur med heile familien. Spor etter tidlegare bålplassar, viser at det allereie er mange som veit om denne blinkande perla oppi Øyagardslia.

Vi kan også nemne at turen er passe lang til ei treningsøkt for den som likar seg i motbakke. Rekn med å bruke mellom ein halvtime og ein time på turen opp, avhengig av form.

Fakta om turen:

Stad Idrettshallen →Damvatnet →Idrettshallen
Type tur Vandring
Gradering Blå (lett)
Kulturminne Nei
Beskriving av kulturminne -
Turbeskriving- trase’ Denne turen startar lik eins som turen til Høgberget som vi tidlegare har beskrive her på Trollheimsporten: Ta stien opp i rabben i framkant av redskapshuset som står ved Idrettshallen. Gå vidare bak plasthallen som tilhøyrer Surnadal vidaregåande skule og ta inn på skogsvegen bak hallen. Her er det ei grind med eit innkøyring forbudtskilt på når det beitar krøtter på ekrene ovanfor. Fortsett oppover denne skogsvegen. Eit stykke etter at du har passert ei demning på høgre side av vegen, viser eit skilt i venstre vegkant stien mot Høgberget. Fortsett vidare oppover til du på høgre side ser ein stikkveg med eit falma, grått skilt der skrifta er bortkomen. Her tek du av til Damvatnet. Vegen går heilt fram.
Startpunkt Surnadal idrettshall
Sluttstad/turmål Sluttstad: Surnadal idrettshall. Turmål: Damvatnet
Parkering ved startpunkt Ja
Type underlag Fin, tørr skogsveg det første stykket. Sidevegen er av dårlegare standard og har våtare parti.
Stigning Jamn stigning det meste av vegen. 
Total stigning 325 meter
Offentleg transport

Det går fleire bussar forbi skuleområdet på Øye dagleg, men dei fleste vil nok anten køyre bil, gå eller sykle til startpunktet ved Idrettshallen.

Spesielle forhold

• Du kan treffe krøtter på beite det første stykket av skogsvegen- ta omsyn til dei!
• Lukk grinder og utgardarsopningar etter deg

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

 Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

frå Knyken_1024x683
Damvatnet sett frå Knyken.
berg_1024x1536
Du passerer dette berget på tur opp lia.
tre_1024x683
Ved Damvatnet.
tredetalj_1024x683
Gløden i fargene har begynt å avta, men det er enno ein vakker haust.
bål_1024x1536
Du vil ikkje bli den første som rastar ved Damvatnet.
grind_1024x683
På nedtur.
Knyken_1024x683
Kjente kjemper møter ein når ein nærmar seg skuleområdet igjen.