Langvatnet_1024x683

Tips 11: Langvatnet

Sommartur i Surnadal

Dette er ein tur som passar godt både for nybegynnarar og ein joggetur for den som likar relativt flatt terreng. Det er også ei løype som passar perfekt for ein skravletur med gode venner, for her blir du ikkje meir andpusten enn at praten kan gå. Har du relativt små ungar, kan også dette vera eit godt alternativ for ein skogstur ein søndag. Når ein først har kome opp den første kneika, er det såpass flatt at dei mest kortbeinte kan sykle vidare innover, i alle fall om ein tek høgde for at sykkelen kan trillast nokre få, korte bakkar.

Vakre haustfargar ved Langvatnet i oktober 2012. Alle foto: Norunn Holten

Fer ein på varmaste sommaren, kan det også vera muleg å bade eller leike ved Heggsetelva som følgjer vegen eit stykke. Dette er ein tur med lite stigning- ein typisk skogstur! Det er derfor ikkje så mykje utsikt å beundre på denne turen, men skogsvegen er idyllisk, og når ein er framme ved det vakre Langvatnet, gir naturen her valuta for innsatsen- anten ein er på tur eller ute for å trene.

Vi har vurdert turen som "grøn", altså eigna for nybegynnarar. Det er muleg å koma seg innover med barnevogn, og sjølv om det er bratt det første stykket opp frå riksvegen, har vi fått vita at denne vegen også er bruka av folk med elektrisk rullestol. Kanskje det da er køyrt med bil fram til bommen slik at den verste bratta er unnagjort?

Det er fisk i Langvatnet, så om fiskestanga er med, er det lov å prøve fiskelykka. Fiskekort kan kjøpast ved bommen på vestre Nordmarksvegen. Vi har også fått tips om at det er enda betre fiske i Svartvatnet,som ligg ikkje langt frå Langvatnet. For å koma dit må du ta av til høgre i vegskiljet du kjem til mot slutten av turen innover, og som er nemnt i beskrivinga av trase' i tabellen under.

 Fakta om turen

Stad Berset → Langvatnet → Berset
Type tur Vandring
Gradering Grøn (lett, passar nybegynnarar)
Kulturminne Nei
Beskriving av kulturminne  -
Turbeskriving- trase’ Start ved riksvegen like ovanfor Berset der ein skogsveg går oppover lia. Du passerer ein bom og går vidare etter vegen etter å ha passert denne. Følg same vegen til den deler seg. Da tek du til venstre. Herifrå er det ikkje langt til snuplassen ved Langvatnet. Det går ein ganske våt sti vidare langs vatnet, og denne kan du følgje vidare om du er på jakt etter ein høveleg rasteplass ved det idylliske vatnet.
Startpunkt Venstresving på riksvegen like ovanfor Berset; ei sløyfe av gammelvegen ligg att i ytterkant, og det går opp ein skogsveg der.
Sluttstad/turmål Sluttstad: Som startpunkt.Turmål: Langvatnet.
Parkering ved startpunkt God plass til å parkere på gammelvegen.
Type underlag Skogsveg fram til snuplass ved Langvatnet. Derifrå går det ein blaut sti vidare.
Stigning Lite stigning på denne turen. Det er ei kneik opp frå startpunktet ved riksvegen, men når denne er forsert, er terrenget lett kupert.
Total stigning 130 m høgdeforskjell mellom startpunkt og snuplassen ved Langvatnet.
Offentleg transport Nettbuss har ruter forbi startpunktet, men dette er nok ein tur som lokalbefolkninga helst køyrer til.
Spesielle forhold Dersom du berre følgjer skogsvegen, kan du nøye deg med joggesko. Vil du fortsette vidare etter stien eller gå ned mot vatnet, er det ganske vått slik at tett fottøy er nødvendig.
Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

startpunkt_1024x683
Startpunktet ovanfor Berset.
skogsveg_1024x683
Idyllisk skogsveg innover.
vegskilje_1024x683
Her må du ta til venstre for å koma til Langvatnet. Gå til høgre om du vil til Svartvatnet.
Langvatnet_1024x683
Langvatnet.
lyng og vatn_1024x683
Nordmørsnatur i haustdrakt.
våt sti_1024x683
Stien vidare langs vatnet.
blokkbær_1024x1536
Blokkbær.
Rognebær_1024x683
Rognebær.
Sula_1024x683
Kjente toppar i horisonten.