Odd utanfor hola_1024x683

Tips 9 : Årneshola

Sommartur i Surnadal

Alle surnadalingar burde ha vore ein tur til Årneshola. Denne turen er for kort til å fungere som trimtur, men er eit godt val viss du vil på ein triveleg tur i skogen med familie eller venner. Vi har her beskrive turen med Kjergroneset som utgangspunktpunkt, men det er også muleg å starte på Årnes. Denne traseen er litt lengre enn viss du startar frå Kjergroneset, men er kort likevel. Køyreturen ut til Kjergroneset byr på mange fine naturperler, og du vil finne plassar å raste, fiske eller kanskje bade sommars tid, om du ønskjer det. Sjølve hola og historia som knyter seg til denne, er rosina i pølsa på turen.

Odd Hamnes utanfor inngangen til vikinghola på Årnes. Alle foto: Norunn Holten

I Årneshola vart det nemleg tidleg på 60-talet gjort eit unikt funn frå vikingtida. Ein gjenstand stakk seg ut blant beinrestane som vart funne i hola. Det var ein kvitgul sylinder av bein som var kunstferdig dekorert. Sylinderen var av noko så eksotisk som kvalrossbein! Den var 5,9 cm lang, hadde eit ovalt tverrsnitt og ein diameter på 4,4 cm på det største. Ein veit enno ikkje heilt sikkert kva gjenstanden har vore bruka til. Fleire teoriar har vore fremja. Eitt ikkje urimeleg forslag er at gjenstanden er eit handtak til for eksempel ein dolk eller ei øks. Nær begge endar på sylinderen er det små hol som kan ha vore bruka til å feste den med. Utifrå dekoren er det likevel heva over tvil at dette måtte ha vore ein verdifull eigendel, og det er mysteriet knytta til Årneshola som gjer ho interessant. Korleis i all verda har denne dyrebare gjenstanden hamna her? Har ein rik person halde til i hola, eller var det tjuvegods? Spørsmåla står i kø. Vil du vite meir om det unike funnet i Årneshola, kan du lese meir her.

Det er dessutan ikkje så mange fjellholer å finne på våre kantar, og berre det gjer det verdt å ta denne turen. I dag kan det sjå ut til at hola ikkje er så stor. Årsaka til dette er at ei stor steinblokk har dotte ned frå holetaket og skjult gangane innanfor. For gangar er det! Ein av dei er heile 20 meter lang! Dei siste åra har det også dotte ganske mange mindre steinar ned på holegolvet, slik at det berre er på eit lite avgrensa område det er muleg å sjå det opphavlege golvet i hola.

Fakta om turen

Stad Kjergroneset→Årneshola → Kjergroneset
Type tur Vandring
Gradering Blå (lett)
Kulturminne Årneshola
Beskriving av kulturminne I 1961 vart det funne spor etter busetnad frå vikingtida i Årneshola. Det vart mellom anna funne ein unik gjenstand, ein beinholk dekorert med dyremønster i mammenstil, i hola.
Turbeskriving- trase’ Køyr utover forbi busetnaden på Årnes. Når du har passer den ubebodde strekninga der vegen snor seg rundt berga ved sjøen, er det første huset på øversida av vegen Kjergroneset. Køyr eit par hundre meter vidare. Da har du ein liten (privat) parkeringsplass på venstre side av vegen. På høgre side, øversida, går gammelvegen som gjekk mellom Hamnes og Årnes oppover lia. Gå oppover etter gammelvegen. Ein plass deler vegen seg i to, og da må du halde til høgre. Litt lenger opp kjem du til eit firarma kryss. (Fortsett du da rett fram, hamnar du på Årnes.) Du skal ikkje fortsette på nokon av dei fire vegane, men i staden svinge inn på stien som startar i øverkant av dette krysset. Denne fører deg opp til Årneshola. Alternativ trase: Parker ved den siste garden du kjem til på Årnes. Her går det ein skogsveg oppover mot skogen på øversida av vegen. Følgjer du denne ender du opp i det same firarma krysset som er beskrive framfor. Du svingar da av til høgre oppover stien mot hola.
Startpunkt Der gammelvegen mellom Hamnes og Årnes startar på Kjergroneset.
Sluttstad/turmål Sluttstad: Der du starta. Turmål: Årneshola.
Parkering ved startpunkt Inga tilrettelagt parkering. Unngå private parkeringsplassar.
Type underlag Gammelvegen er oppgradert og blir bruka som skogsveg. Denne følgjer du det første stykket. Sidan er det sti.
Stigning Ganske slak stigning etter skogsvegen. Etter stien blir det brattare, og mot slutten må ein hjelpe til med hendene somme stader.
Total stigning Ca 100 meter
Offentleg transport Nei, hit må du ha privat skyss.
Spesielle forhold • Turen er ikkje merka og skilta.
• Ta med lommelykt for å sjå dei inste delane av hola.
Kart Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

 Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

startpunkt Årnes_1024x683
Den som vel å starte turen frå Årnesgardane, går opp denne vegen og følgjer han utover. Her er det kanskje lettare å parkere enn på Kjergroneset.
vegkryss_1024x683
Ved dette firearma vegkrysset går stien til hola oppover. Vegen vi står på, er gammelvegen mellom Hamnes og Årnes, og her ser vi i retning Hamnes. Når vi startar på Kjergroneset kjem vi opp motsatt veg, altså rett mot oss på bildet.
berghammaren_1024x1536
I denne berghammaren finn du hola.
originalt holegolv_1024x683
Noko stein er rydda bort slik at vi på ein stad ser korleis golvet i hola ein gong var.
inne i hola_1024x683
Odd Hamnes inne i hola.
mønster_1024x683
Odd Hamnes viser oss eit bilete av mønsteret på beinholken.
attvakse_1024x683
Det er ganske attvakse utanfor hola, så ho er ikkje så lett å finne om ein ikkje veit kvar ein skal.
Vargøya_1024x683
Vargøya sett frå berget ovanfor hola.