varde_1024x683

Tips 8:Hjelmen

Sommartur i Surnadal

Saman med toppar som Knyken og Sula utgjer Hjelmen eitt av dei store landemerka i Surnadal. Du kan nå toppen på 978 meter over havet frå fleire utgangspunkt, men vi har her valt Settemsdalen som startpunkt. Denne ruta har fleire fordelar: Den er ikkje så lang, og det er tydeleg og god sti heilt til varden på toppen. Stien er også merka og delvis skilta, sjølv om merkinga no begynner å bli litt slitt og skiltinga ikkje er heilt komplett. Den som er ukjent får uansett nok orienteringshjelp til å finne fram til målet. Det er også artig at det er sett opp ein del skilt undervegs som viser stadnamn, til dømes «Trollstien» og «Bjørnetrappa». Her kan ein la fantasien få vandre fritt omkring mulege årsaker til namnet…..

Varden på Hjelmen. Alle foto: Norunn Holten

Turen opp til toppen av Hjelmen er ikkje så lang, men den er ganske bratt i forhold til lengda. Nokre korte parti mot toppen er ekstra bratte, så her må du om ikkje klatre, så i alle fall klive. Dei fleste må nok hjelpe til med hendene for å koma seg opp her. På grunn av dette vil nok mange kalle ein tur til Hjelmen rimeleg tøff. Skal ein ta familien med, kan det lønne seg å sette av ein dag. Ein som trenar jamnt, kan likevel ta denne turen som ei treningsøkt ein ettermiddag.

Ein god grunn til å ta ein tur på Hjelmen, er at du på denne turen får nyte mykje flott utsikt alt før du kjem over skoggrensa. Til å begynne med er det Settemsdalen og Bøfjorden som openberar seg for vandrarane. Etter kvart ser ein alt frå hav til fjellheim. Smøla gøymer seg i disen utanfor Tustna, og fjell som Knyken, Trollhøtta og Nordviksula helsar når ein ser innover. Her er det noko å sjå uansett kvar ein vel å sette seg ned for å nyte matpakken sin.

 Fakta om turen:

Stad Settemsdalen → toppen av Hjelmen → utgangspunktet i Settemsdalen
Type tur Vandring
Gradering Raud (krevande)
Kulturminne Nei
Beskriving av kulturminne  -
Turbeskriving- trase Køyr til Settemsdalen. Sving inn på ein grusveg som går bortover ekrene på høgre side av vegen like før du kjem til Bøfjordkrysset (når du kjem frå Åsskardhøgda). Køyr opp ein bakke. Når vegen deler seg i to, køyrer du oppover til høgre. Det står også eit skilt merka «Hjelmen» i dette krysset. Parker der det er skilta «Mjølkplasshauan». Gå vidare etter skogsvegen. Den deler seg oppi bakken, og da tek du til venstre. Du kjem da straks til Almbekken, og kryssar den. Deretter er det berre å følgje stien oppover til toppen av Hjelmen. Stien er tydeleg heile vegen, og er dessutan merka med raud farge av Turistforeninga. Berre ein plass må du passe på. Det er der stien frå Settemsdalen kjem inn på Fjordruta. På tur oppover går det greitt, for da møtest dei to stiane. På nedovertur må du hugse på å ta til venstre der stien deler seg. Viss ikkje hamnar du på Haugaskaret.
Startpunkt Settemsdalen/Mjølkplasshauan
Sluttstad/turmål Sluttstad: Som startpunkt. Turmål: Toppen av Hjelmen 
Parkering ved startpunkt Ja
Type underlag Litt skogsveg, mest sti. Ein del blaute parti som krev tett fottøy, særleg i periodar med mykje nedbør. Stien tørkar fort opp ved opphaldsvær.
Stigning Ein Hjelmtur er ikkje så lang, men kan nok av mange oppfattast som tøff likevel på grunn av relativt mykje stigning i forhold til lengda. Meir oppover enn bortover på denne turen!
Total stigning Ca. 740 meter. Startpunktet ligg på ca 240 meter. Toppen av Hjelmen ligg på 978 meter.
Offentleg transport Du kan koma deg til Settemsdalen med buss. Derifrå kan du gå fram til startpunktet.
Spesielle forhold  • Ta omsyn til dyr på beite. Køyr sakte om dei oppheld seg ved vegen, og lukk grinder og andre stengsler etter deg!
Kart Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

 Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

Skogsveg_1024x683
Idyllisk skogsveg oppover frå parkeringsplassen.
skilt_1024x1536
God skilting leier deg på rett veg.
Settemsdalen_1024x683
Vakkert utsyn ned i Settemsdalen.
rasteplass_1024x683
Flott rasteplass oppi lia.
Haustfargar_1024x683
Ein haust i vakre fargar.
Litjfjellet_1024x683
God skilting gjer det lettare å orientere seg.
Bølandet_1024x683
Utsikt frå toppen: Settemsdalen ned til høgre.Lenger ut: Bøfjorden med Bølandet til venstre.
Surnadal_1024x683
Utsikt mot Nedre Surnadal.
Øy_1024x683
Ut mot havet! Halsahalvøya midt i bildet.
nedtur_1024x683
Glødande fargar ned mot Settemsdalen.