surnadal1_1024x683

Tips 6: Syltnebba

Sommartur i Surnadal

Det er mange vegar som fører til Syltnebba, eit sentralt og vakkert turmål 667 meter over Surnadalsfjorden! Vi vil anbefale traseen som er skildra her fordi startpunktet ligg så sentralt at mange som bur i sentrum slepp å sette seg i bil for å koma dit. Ved startpunktet er det også ein rommeleg parkeringsplass på kommunal grunn slik at dei som må køyre, ikkje treng ottast for at bilen står i vegen for nokon medan dei er ute på tur. Første del av turen går etter grusveg, medan siste del går etter sti. Stien er ikkje merka, men er såpass markert at det er lett å følgje han. Du er nemleg ikkje åleine om å ville gå på Syltnebba…. Ta med familien på søndagstur eller ta deg ein rask trimtur ein ettermiddag!

Syltnebba gir flott oversikt over nedre delar av Surnadal. Alle foto: Norunn Holten

Da Trollheimsporten besøkte Syltnebba siste dagen i august, hadde over 2200 personar kvittert i boka på toppen. Sjølv med berre ein månad igjen av trimåret er dette mykje, og gjer Syltnebba til ein av dei mest besøkte turmåla i Surnadal. På grunn av den relativt store trafikken og det våte i veret i sommar er det ganske blautt etter stien, men det kan jo også vera ein fordel for den som er ukjent: Det er ingen tvil om kvar stien går! Uansett vil ein klare seg med låge fjellsko som fottøy.

Vi skildrar her turen til Syltnebba med startpunkt øvst i Rognpilvegen. Det er muleg å køyre enda lenger med bil om ein absolutt vil, men det er ikkje så mykje tid å spare på dette. Ca 10 minutt gange innover grusvegen er det ein bom, og her er det også ein stor open plass det er muleg å parkere på. Vi veit ikkje om denne lunningsplassen er i bruk, og korleis grunneigar stiller seg til at det blir parkert der.

Når det er klårver, kan ein få fullt overblikk over Surnadal heilt frå fjorden og langt oppover dalføret frå Syltnebba. Nærliggande fjell er Skjenna, Litlstrengen og Strengen. Dit kan ein også forlenge turen, om ein ønskjer det. Den dagen vi var på toppen av Syltnebba, var det dessverre både regn og skodde. Vi fekk erfare at dette var ein tur som er grei også i ruskevær, men vi fekk naturleg nok ikkje dei store utsiktsbilda frå toppen i skodda. Kanskje du har vore der i finvær og tatt flotte bilde? Da er vi veldig glade om du sender dei til oss, slik at vi får nokre fine utsiktsbilde også frå Syltnebba.

Fakta om turen:

Stad Start der Beitvegen tek av øvst i Rognpilvegen i Vassendmarka→ Syltnebba → Tilbake til startpunkt
Type tur Vandring
Gradering Blå (lett)
Kulturminne Nei
Beskriving av kulturminne  -
Turbeskriving- trase’ Turen startar ved parkeringsplassen som ligg der Beitvegen startar øvst i Rognpilvegen i Vassendmarka. Gå oppover Beitvegen til den deler seg: Der tek du til høgre. Fortsett oppover etter grusvegen. Etter ca 10 minutt gange kjem du til ein bom. Gå rundt denne og fortsett oppover etter grusvegen. Når du kjem til Skihytta, deler vegen seg igjen. Ta til høgre og fortsett til enden av vegen og du har toppen av alpinbakken rett forut. Da tek du av ein sti på venstre side av vegen (øversida). Fortsett etter denne til toppen av Syltnebba. Du kan gå same sti ned igjen, men vel du ein sidesti litt meir til høgre (aust) for den du kom opp, møtest vegane igjen ved Skihytta.
Startpunkt Starten av Beitvegen. Denne finn du øvst i Rognpilvegen i Vassendmarka.
Sluttstad/turmål Sluttstad: Som startpunkt. Turmål: Toppen av Syltnebba.
Parkering ved startpunkt Ja.
Type underlag Grusveg eit godt stykke oppover, sidan sti - som til dels er blaut.
Stigning Det er ganske jamn stigning på turen, men det er også enkelte flate parti.
Total stigning Nesten 560 meter mellom startpunkt og toppen av fjellet.
Offentleg transport Ikkje heilt fram til startpunktet, med det går bussar etter riksvegen mellom Skei og Kvanne som kan stoppe på Stormyra. Derifrå kan ein gå til startpunktet.
 Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie.

 

beitvegen_1024x683
Her startar du.
kryss_1024x683
Her tek du vegen til høgre.
Skihytta_1024x683
Vegen deler seg ved Skihytta igjen. Vi tek vegen til høgre, men vi hadde kome fram om vi hadde teke den andre vegen også.
enden av vegen_1024x683
Når du kjem til enden av vegen og toppen av alpintanlegget er rett forut, må du gå inn på stien.
sti_1024x683
Stien er lett synleg på øversida av vegen.
surnadal1_1024x683
Mot toppen er utsikten upåklageleg sjølv i ruskevær: Oppover dalføret med sentrum i framgrunnen.
surnadal2_1024x683
Breidbygda!
surnadal3_1024x683
Gule åkrar.