solstrålar_1024x683

Tips 5: Strengen

Sommartur i Surnadal

Toppen av Strengen ligg 890 meter over havet og er eit flott turmål som kan nåast frå fleire grender i Surnadal. Strengen er eit turmål som er like attraktivt både sommar og vinter, men vi vil her presentere Strengen som eit turmål sommars tid. Det er ein topptur utan lange, bratte parti, og er slik eit eksempel på ein topp som kan nåast også for den som ikkje er i toppform. For den meir aktive passar den til ein trim- eller treningstur på kveldstid. Viss du ikkje likar å orientere deg etter kart, kan også Strengen vera eit godt val, ettersom stien er så godt merka. Bli med oss på Strengentur med utgangspunkt i Vang skiarena!

Låg haustsol silar solstrålar ned over Ålvundfjorden. Alle foto: Norunn Holten

Sidan Strengen kan nåast frå mange grender i Surnadal, vil mange kunne starte heimanfrå når dei skal gå dit. For dei som ikkje kjenner vegen, eller bur lenger unna og likevel må setje seg i bil, er Vang eit flott utgangspunkt for ein Strengentur. Det er lett å finne fram til startpunktet, og stien er godt merka. Den første delen av turen går i skogsterreng etter skogsveg og sti. Dette er etter vårt syn den tyngste delen av turen, kanskje fordi det blir meir å sjå når ein kjem lenger opp. Etappen blir likevel broten opp ved hjelp av naturlege rasteplassar undervegs, og ved at tufter etter bygningar frå gammel tid er merka med skilt. Litt stemningsfull «trollskog» går vi også gjennom!

Over skoggrensa opnar landskapet seg, og du kan sjå både ned til fjorden og ut over fjellheimen der Åsbøsnytå og Nordviksula reiser seg i framgrunnen. Du har også fullt utsyn til bygdene på andre sida av fjorden. Når du kjem til toppen, er utsikten flott i alle himmelretningar. Sjå bileta og la deg inspirere til ein Strengentur!

Fakta om turen:  

Stad Vang skiarena, Kvanne →Strengen →Vang skiarena
Type tur Vandring
Gradering Blå (lett )
Kulturminne Liten grad 
Beskriving av kulturminne Nokre tufter etter tidlegare bygningar blir passert langs stien. Desse er skilta.
Turbeskriving- trase’ Køyr til Kvanne og ta av på øversida av vegen opp mot Vang skiarena. Sidevegen er skilta og lett å finne. Oppe ved skisenteret er det ein parkeringsplass på øversida av vegen. Ved parkeringsplassen er eit skilt som viser «Strengen» godt synleg frå vegen. Frå parkeringsplassen er det mest umuleg å gå feil. Traseen er godt merka med blå farge, og på stader han deler seg, viser pilar riktig retning.
Startpunkt På øversida av vegen ved Vang skiarena.
Sluttstad/turmål Sluttstad: som startpunkt. Turmål: Toppen av strengen
Parkering ved startpunkt Ja
Type underlag Turen opp mot Strengen går på vekslande underlag: skogsveg og sti. Det er få blaute parti undervegs, og dei som finst, er små. Låge fjellsko bør halde som fottøy sjølv under våte værforhold. Ved tørrare vær er joggesko tilstrekkeleg.
Stigning På turen mot toppen går det sjølvsagt oppover stort sett heile vegen, men det er få parti med sterk stigning, Sett i forhold til at turmålet er ein fjelltopp, er stien opp dit relativ slakk.
Total stigning Ca 725 meter
Offentleg transport Nei. Privat skyss.
Særskilte forhold  
Kart  Fjordruta (1:100 000)

 Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

 

skogsveg_1024x683
Traseen følgjer skogsveg og sti som er godt merka.
skilting_1024x683
God skilting gjer det lett å finne rett veg når stien deler seg.
krongelsti_1024x683
Flott utsikt der stien svingar seg oppover fjellsida.
Snytå og Sula_1024x683
Utsikt frå toppen: Åsbøsnytå nærast, Nordviksula lenger bak.
Årnes_1024x683
Til høgre Årnesgardane, Kjergroneset og Vargøya til venstre. Heilt bak: Solemen!
Utover_1024x683
Utsikt utover Trongfjorden. Surnadalsneset til høgre, Torjulvågen inn til venstre litt lenger ut.
Vågbø_1024x683
Over Neslandet mot Vågbøen.
varden_1024x683
Varden på toppen.
nedtur_1024x683
Nedtur med utsyn!
ferja_1024x683
Ferga på tur mot Neslandet.
gammelsetra_1024x683
Yrande liv ved Gammelsetra- men ikkje akkurat som før...