Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Fredag
Fredag Skyet
Skyet
Stille
mot innersula_1024x683

Tips 4: Nordviksula

Sommartur i Surnadal

Drøymer du om å stå på ein høg topp og speide ut over fjellheimen? Vil du oppleve ein topptur utan å måtte gå heile dagen for å nå målet? Da kan Nordviksula vera det rette turmålet for deg. Køyrer du Blomlivegen på Nordvik til endes, kan du på relativt kort tid nå opp til Ytre Sula og fantastiske 1318 meter over havet! Her har du vidt utsyn over Trollheimen, men også grender og landskapsformasjonar kring nordmørske fjordarmar. Her ser du til dømes Nordvik, Nesøya og breibygda i Surnadal. Ein stans ved Suloppkommet er eit høgdepunkt på turen. Det er også bratte stup og vandring i steinlandskap.

Her kan du følgje eggen over mot Indre Sula- viss du tør! Alle foto: Norunn Holten

Sula har som kjent to toppar, og det er ein tur til den ytste av desse som her blir beskrive. Den inste Sultoppen er høgast av dei to, med sine 1325 meter over havet. Det er sjølvsagt muleg å forlenge turen hit når ein først er komen til toppen av den ytste Sula. Ein kan da gå etter eggen mellom dei to toppane. Visst ein vil til den indre Sula, kan ein også gå frå Kvenndalen.

Sjølv om altså den ytste Sula er litt lågare enn den inste, er dette ein tur som byr på heftige opplevingar. Mellom anna er det eit par skikkeleg mektige stup å oppleve. På toppen, ved varden, står du på kanten av eit imponerande stup. Stien svingar innom denne bratte bergveggen på turen oppover, og går ein ut på kanten her, kan ein nok kjenne søget i magen. Eit anna mektig stup er bergveggen på toppen av den inste Sula, som du ser rett inn i frå toppen av Ytre Sula. Vi vil også framheve Suloppkommet som ei oppleving på denne turen. Oppkommet er skilta etter at myra er passert og stien har kome over på meir fast grunn. Det er merkverdig å sjå korleis ein bekk plutseleg dukkar opp av ingenting. Vatnet er kaldt og godt, så er drikkeflaska tom, er dette plassen for å gjera noko med det. Du har kanskje lest norske folkeeventyr der det kjem ein heil bekk rennande ut av ei nøtt? Kanskje er det oppkom som dette som har gitt grunnlag for slike forestillingar? For menneske som levde i tidlegare tider, kunne i alle fall fenomena synast like merkverdige......

Det er ofte vanskeleg å anslå kor lang tid ein tur tek. Dette avheng jo av fysisk form, kor lang eller gammel du er, oppakning og om du er ute etter å trimme/trene eller ha ei fin turoppleving. Rimeleg spreke karar anslår 1,5 time som høveleg tid for å gå frå parkeringsplassen og opp på Sula. Mange vil nok seie dette er alt for kort tid. Skal ein samanlikne med andre turar, er ein tur på Sula mindre tidkrevjande enn ein Knyktur, men den er nok likevel meir krevjande fordi den er brattare. Dei som når toppen, vil nok likevel tykkje turen opp var sveitten verdt!

Fakta om turen:

Stad Start ved demninga ved enden av Blomlivegen (bomveg) på Nordvik→ Nordviksula→Tilbake til startpunktet
 Type tur Vandring
 Gradering Raud (krevjande)
Kulturminne  Nei
Beskriving av kulturminne -
Turbeskriving- trase’ Køyr til Nordvik og sving av inn på Blomlivegen, ein bomveg som startar på øversida av vegen rett ovanfor Nordvik Forsamlingshus. Køyr til enden av vegen. Gå over demninga og fortsett etter stien på andre sida. Den første delen av turen går i myr, og er derfor relativt tung (ikkje minst i år med mykje nedbør). Når du seinare kjem opp i rabbane, blir underlaget fastare, og det blir lettare å gå. Dette trass i at det da blir meir stigning. Når du kjem opp frå myra, er også merkinga av stien meir tydeleg. Dei få plassane stien deler seg, viser dei raude merka langs stien kva som er rett veg. Mot slutten går turen gjennom stein og ur, og det er da berre dei raude merkingane som viser traseen. Ver merksam på kvar den siste raudflekken før toppen er, slik at du finn tilbake til stien når du skal gå ned igjen.
Startpunkt Ved demninga på enden av Blomlivegen.
Sluttstad/turmål Sluttstad: som startpunkt. Turmål: Toppen av Nordviksula.
 Parkering ved startpunkt Det er plass til å parkere ved startpunktet. Unngå parkering på snuplassen!
Type underlag Myr det første stykket, deretter sti og stein/ur på slutten av turen opp mot toppen.
Stigning Her er det stigning heile vegen, men heldigvis mest der underlaget er hardt.
 Total stigning Ca 900 meter
Offentleg transport Her er det nok lurast å satse på privat skyss.
Spesielle forhold • Hugs bompengar
• Partia med stein og ur på slutten kan gjera turen vanskeleg for folk med enkelte typar skadar i føtene.
Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000) eller topografisk kart «Snota» (1:50 000)

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!

startpunkt_1024x683
Her startar du!
skodde_1024x683
Det kan vera klårt mot toppen av Sula om skodda ligg tjukk nedi bygda.
suloppkommet_1024x1536
Suloppkommet!
bratt_1024x1536
Bratt, men fin sti opp mot toppen!
brattare_1024x1536
Vandring i steinlandskap mot slutten av turen.
fjallflora_1024x1536
Yndig tøffing mellom stein.
imponerande_1024x683
Her bør du ikkje ha høgdeskrekk!
toppen_1024x683
På toppen av fjellet.
mot Nordvik og Nesøya_1024x683
Utsyn mot Nordvik og Nesøya.
mot innersula_1024x683
Vakkert utsyn mot Indre Sula og fjellheimen rundt.
Tips en venn Skriv ut