Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Fredag
Fredag Skyet
Skyet
Stille
utsikt_1024x683

Tips 3: Sentrumsnær rundtur

Sommartur i Surnadal

Her er rundturen du berre må prøve! Høgdepunkta på turen er den vakre og særeigne Ranessetra, gapahuken ved Gammelsetra på likanten ovanfor Ranes og mykje vakker utsikt over nedre Surnadal. Ikkje minst er Skei sett i fugleperspektiv frå Salen ei oppleving å ha med seg! Dette er ein rundtur det er lett og kort å koma seg fram til, som ikkje er for lang og som er såpass lett at den burde passe dei fleste. Her kan ein ta seg ein rask trimtur ein kveld eller bruke søndagen og nyte stoppane og opplevingane undervegs.

Frå Salen er det flott utsikt over nerbygda sjølv om det regnar litt. Alle foto: Norunn Holten

Turtraseen er grovt sett slik: Du startar ved Skeisnebba hytteområde, følgjer Knykstien oppover eit stykke og tek så av til venstre ned mot Ranessetra. Frå setra kan du følgje stien vidare nedover langs bekken som renn ned mot bygda og kike innom gapahuken ved Gammelsetra. Denne ligg heilt framme på likanten ovanfor Ranes, og gir god utsikt både oppover og nedover dalen. Snur du nasen i retning Skeisnebba igjen, går stien vidare tilbake til utgangspunktet. Stien endar på toppen av hyttefeltet i Skeisnebba, der han kjem inn på enden av vegen. På tilbaketuren bør alle ta seg tid til ein avstikkar frå stien og fram på Salen der dei kan nyte Skei i fugleperspektiv, men også sjå langt utover Surnadalsfjorden.

Denne runden ligg i eit område med lange turtradisjonar. Folk har i lengre tid gått herifrå til Knyken, og sjølve vegen opp til hyttefeltet i Skeisnebba er ein av dei mest brukte trimtraseane i kommunen. No har folk begynt å få augo ytterlegare opp for dette attraktive området. I løpet av den seinare tida har det begynt å bli synleg sti etter traseen vi her presenterer. Rundturen har nemleg mange pluss: Den ligg nære, anten ein no har hytte i Skeisnebba eller bur sentralt i Surnadal. Dessutan er den ikkje så lang. For dei som tykkjer ein Knyktur blir i lengste laget, kan dette vera eit godt alternativ for søndags- eller kveldsturen. Det er heller ikkje brattare enn at folk i normalt bra form lett kan gjennomføre den. Turen byr også som alt sagt på opplevingar, og både på Ranessetra og i gapahuken ved Gammelsetra er det mulegheiter til å sitte ned og ete maten sin. På begge plassane er det også eldstad.

Det er også muleg å ta denne rundturen med utgangspunkt i Ranes. Da kan ein parkere på ein lunningsplass innunder lia, og følgje stien opp derifrå. Her er det bratt, så om ein er utrena eller har med små barn, kan det lønne seg å velje startpunkt i Skeisnebba.

Fakta om turen:

Stad Skeisnebba→Ranessetra→Gammelsetra→Salen→Skeisnebba
Type tur Vandring
Gradering Blå (lett)
Kulturminne  Ranessetra
Beskriving av kulturminne Setertunet på Ranessetra består av seterskjel, kufjøs og sauefjøs. Dei tre bygningane er særeigne mellom anna fordi dei er reiste i stein. At det er eit sauefjøs på stølen, er også spesielt. Det var bjørneplaga på 1800-talet som gjorde det nødvendig å bygge sauefjøset. Seterskjelet står ope slik at besøkjande kan ete matpakken sin i ly for insekt eller styggvær.
Turbeskriving- trase’ Dei fleste startar ved parkeringsplassen som ligg under kraftlinja eit stykke oppi vegen til Skeisnebba hytteområde. Dersom du parkerer nede ved riksvegen, går du dit til fots. Frå denne parkeringsplassen kjem du deg inn på Knykstien. Det står eit skilt i øverkant av parkeringsplassen. Dette skiltet leier deg inn på ein skogsveg som går parallellt med grusvegen vidare oppover, og etter eit stykke kjem den inn på grusvegen igjen. Dersom du begynner å gå etter denne skogsvegen, vil du koma deg inn på Knykstien ved å ta av til høgre på ein kavlveg du passerer etter eit stykke. Det enklast er kanskje derimot å skrå seg litt til høgre oppover bakken rett frå parkeringsplassen. Det er bratt, men da kjem du fortare inn på Knykstien. Eit tredje alternativ er å følgje grusvegen heilt opp til den siste skarpe svingen i hyttefeltet. Tek du til høgre her, og følgjer fara der andre har gått, kjem du også inn på Knykstien. Følg Knykstien eit stykke oppover (vel 2 km frå parkeringsplassen). Deretter skrår du deg ned til Ranessetra. Her må du rekne med å gå utanfor sti. Når du forlet setra, går du forbi kufjøset og inn på stien som følgjer vatnet og seinare bekken nedover dalen mot Gammelsetra. Frå gapahuken er det også markert sti vidare. Etter kvart blir den mindre tydeleg, men likevel muleg å følgje tilbake til Skeisnebba. Stien kjem inn på enden av vegen til hyttefeltet, og det er da berre å følgje grusvegen ned til parkeringsplassen igjen.
Startpunkt Ved riksvegen der vegen opp til Skeisnebba hytteområde startar, eller ved parkeringsplassen på vegen lenger opp.
Sluttstad/turmål  Dette er ein rundtur, så startpunktet blir også sluttstad.
Parkering ved startpunkt Anten ved tunneluttaket nede ved riksvegen (der vegen opp til Skeisnebba tek av) eller parkeringsplassen lenger oppe i vegen (under kraftlinja). Turen blir sjølvsagt ein god del lengre om ein vel det første alternativet.
 Type underlag  Vekslar mellom grusveg, sti og myrlendt terreng. Vasstett fottøy nødvendig.
Stigning  Jamn stigning frå startpunktet til du tek av frå Knykstien i retning Ranessetra. Nedoverbakke derifrå og ned til setra. Frå Ranessetra til Gammelsetra går det også jamt nedover. Litt stigning det første stykket etter Gammelsetra, deretter lett kupert på tilbaketuren til Skeisnebba.
 Total stigning  Ca 220 høgdemeters forskjell mellom startpunkt og høgaste punkt på ruta (der du tek av frå Knykstien og går ned mot Ranessetra)
Offentleg transport

 • Det er muleg å ta buss fram til avkøyrsla til Skeisnebba, men det kan bli ei utfordring å finne bussruter på tidspunkt som passar for både tur og retur.
• Gangavstand frå dei næraste bustadfelta.

Spesielle forhold  • Vis at du sett pris på gjestfriheita til ranesgardingane ved å forlate seterskjelet minst like fint som du fann det! Rydd og ta med deg søplet ditt!
• Dersom du vil køyre til parkeringsplassen oppi vegen til Skeisnebba, må du kalkulere med bompengar.
Kart

Turkartet «Fjordruta»

   

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie.

avkøyrsla_1024x683
Her tek du av opp mot Skeisnebba.
parkering_1024x683
Du kan parkere her ved riksvegen eller på ein større parkeringsplass lenger opp.
oppover vegen_1024x683
Følg grusvegen opp til parkeringsplassen.
gammel skogsveg_1024x683
Du kan følgje ein gammel skogsveg opp mot Knykstien.
Ranessetra_1024x683
Vandrarar ved seterskjelet på Ranessetra.
oversiktsbilde_1024x683
Ranessetra ligg idyllisk til. Dessverre kan du ikkje sjå ho frå Knykstien der du tek av.
gapahuk_1024x683
Den triveleg gapahuken ved Gammelsetra.
Ranes_1024x683
Ramesgardane sett frå Gammelsetra.
Skei_1024x683
Skei sett gjennom dis frå Salen.
Tips en venn Skriv ut