skulevegen til Flessa_1024x683

Tips 2: Trodalen

Sommartur i Surnadal

Trodalen er det perfekte turmålet for søndagsturen med familien. Turen er såpass lang at ein bør beregne litt meir tid enn ein ettermiddag om ein vil ha med dei aller yngste, men det er ikkje meir stigning undervegs enn at turen greitt kan gjennomførast også for personar med dårleg turgrunnlag. Her får ein med seg alt frå fjøresteinar til tett granskog, og vel framme i Trodalen kan ein nyte matpakken på hustrappa med ein praktfull utsikt utover Trongfjorden.

Turgåarar på veg til Trodalen følgjer same veg som skulebarna frå Bøkleppen brukte den tida dei måtte til Flessa for å gå på skule. Alle foto: Norunn Holten

Ruta for turen følgjer den idylliske, gamle skulevegen som gjekk mellom Bøkleppen og Flessa den tida ungane frå Bøkleppen måtte til Flessa på skule. Oppbygde murar frå denne tida er enno godt synleg enkelte plassar langs stien. I vårløysinga og i periodar med stor vassføring er fossen i Tjuvåa ei mektig oppleving. Når turgåarane passerer brua over elva nedanfor fossen, kan dei kjenne govet frå vatnet som styrtar utom berget i lia ovanfor.

Vi presenterer her dette turmålet som ein sommartur, men det er også muleg å dra til Trodalen på vinteren. Det er tidleg bart etter stien inn mot Trodalen, så sjølv om snøen ligg randheil på ekrene kring huset i Trodalen, kan det vera fint å gå dit til fots. Fossen du passerer på turen innover, er minst like imponerande i frosen stand!

Fakta om turen:

 

 Stad Flessen hyttesenter→Trodalen→Flessen hyttesenter
Type tur Vandring
 Gradering Blå (ganske lett)
Kulturminne

• Den gamle skulevegen frå Bøkleppen
• Øydegarden Trodalen

Beskriving av kulturminne

• Enkelte stader på stien ser du den gamle vegen som barna frå Bøkleppen gjekk etter den gongen dei måtte til Flessa for å gå på skule.
• Målet for turen er det no fråflytta bruket Trodalen. Våningshuset står framleis. På 1800-talet var det mange menneske som budde på det som no er øydegardar langs sjøen mellom Flessa og Bøkleppen.

Turbeskriving- trase’

Turen startar ved Flessen hyttesenter. Gå forbi hyttene ved parkeringsplassen og fortsett vidare utover langs stranda. Du kjem da etter kvart inn på ein godt merka sti. Følg den blå merkinga etter stien. Du kryssar ein skogsveg etter ei stund. Den blå merkinga går vidare på andre sida av vegen. Når du treffer på skogsveg for andre gong, tek du av til venstre og følgjer skogsvegen til du kjem til eit punkt der vegen deler seg. Der må du ikkje gå nedover, men følgje skilta rett fram mot Trodalen.

NB! Ver obs på to punkt på turen. Både på tur utover og tilbaketuren er det eitt punkt det er lett å gå feil. På begge plassane kan ein feilaktig gå rett fram der stien svingar oppover. Det er tett mellom dei blå merkingane, så viss du oppdagar du har gått feil, er det berre få meter tilbake til den merka stien. Dermed er du fort på rett veg igjen.

 Startpunkt Flessen hyttesenter. Ta av i krysset på Bele og følg skilting i retning Flessa/Flessen hyttesenter.
Sluttstad/turmål Flessen hyttesenter.
Parkering ved startpunkt Skilta parkeringsplassar ved hyttesenteret.
Type underlag Ekkerkant i strandkanten det første stykket, sidan skogssti.
 Stigning Noko stigning i starten av turen, og noko mindre på tilbaketuren. Elles småkupert.
Offentleg transport Nei
Spesielle forhold

• Turen er merka, men ikkje skilta.
• Passar ikkje for rullestolbrukarar

Kart Turkart: Fjordruta

 Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie.

parkering_1024x683
Det er skilta parkering ved Flessen hyttesenter.
vegkryss_1024x683
Her tek du av frå skogsvegen og følgjer skiltinga mot Trodalen.
fossen_1024x1536
Tjuvåa er eit mektig syn når ho styrtar utom berget i vårløysinga- og eit populært fotomotiv!
trodalen_1024x683
Gardsbygningen i Trodalen står enda, men fjøset er borte.
matpakke_1024x683
På trappa iTrodalen kan ein nyte både utsikt og matpakke.
Brua over bekken i Trodalen_1024x683
Bru over bekk i Trodalen.
isfoss_1024x768
Ein foss av is kan også vera eit imponerande syn...