rast_1024x683

Tips 1: Svinvika!

Sommartur i Surnadal

Er det ein solgløtt mellom regnbygene? Kvifor ikkje ta med familien på ein tur til Svinvika? Her kan de ta ein rundtur til fots etter gammelvegane inn til Todalen- ein tur som vil gi opplevingar for både store og små. Dei store kan la seg fascinere av den fantastiske utsikten eller det sparsommelege rekkverket som i tidlegare tider skulle verne trafikken mot stupa nedanfor vegen. Dei yngre er kanskje like begeistra over lamaane som beitar på ekrene attmed vegen i Svinvika. Etterpå kan heile familien nyte ein tur rundt om i dei mange stemningsfulle stiane i Svinviks arboret- før kanskje turen endar på kafeen i arboretet? Her blir dei besøkjande møtt med dufta av fersk heimebakst i døra- arboretet sine eigne spesialitetar med bruk av råvarer frå eigen produksjon.

Fantastisk utsikt frå den eldste gammel-vegen! Her er det aktive frå stavganggruppa i pensjonistlaget som tek ein rast. Alle foto: Norunn Holten

Det er mange fine turmål i Surnadal kommune, men få ligg slik til at det er kafe eller toalett i nærleiken. I Svinvika kan ein få alt: Flotte turalternativ, kulturminne og ein kafe med spesialitetar du berre må smake.

For å ta det første først: I arboretet er det ca 1,5 km med stiar rundt om i den botaniske hagen. Stisystemet er ei oppleving i seg sjølv, og du treng ikkje prøve å peile inn veka da «alt» blomstrar, for her står noko i blomstring heile tida. Arboretet er nok mest kjent for sine mange, vakre rododendron, men det er også mange andre planteartar å sjå i hagen.

I Svinvika møtest vegar frå tre århundre. Du kan gå ein rundtur opp om den eldste gammelvegen og tilbake langs sjøen etter den «nyaste» gammelvegen. Ved startpunktet til turen ser du inngangen på Svinviktunnelen som ligg på det som i dag er vegen inn til Todalen. På tilbaketuren passerer du rett over tunnelopninga på Todalssida. Sjå nærare beskriving av turen i tabellen nedanfor.

Dersom ein vil supplere natur- og kulturopplevingar med noko godt for ganen, kan ein før besøket bestille piknik-korg frå kafeen i arboretet. Det er to alternativ å velje mellom: ei korg med lunch-sandwich og ei billegare kaffe-korg. Til dømes ser lunch-korga slik ut: « termos med nypressa kaffe eller te, arboretets fruktsaft på fin glasflaske, store heimbaka grovbrødskiver med pålegg og grønt i lag på lag. Marmelade på glas. Og søt, nysteikt duftande kakeavslutning…..» Blir du freista?Tilbodet gjeld ut sommarsesongen, dvs. til og med 12. august, og må bestillast ein dag i førevegen. Dessutan kan kafeen lokke med «Dagens kake», samt litt større utval i periodar med meir folk. – Og så har vi alltid is, lovar Maja Frønes ved kafeen. Arboretet leverer råvarer til eigen kafe, og dette er med på å setje særpreg på utvalet. Til dømes er no årets drueavling i hus, og det er derfor eigenprodusert druesaft å få!

Sjå meir om opningstider og billettprisar i arboretet ved å klikke her.

Les meir om piknik-korga her.

 Fakta om turen:

Stad Frå Svinviks arboret → gammel-gammelvegen til Todalen→ gammelvegen frå Todalen. Tilbake til Svinviks arboret.
Type tur Vandring
Gradering Grøn (lett)
Kulturminne på turen  Den eldste gammelvegen til Todalen
Beskriving av kulturminne Delar av turen går etter gammel-gammelvegen inn til Todalen. Den smale vegen snor seg høgt oppe i lia, og fortel om veg- og trafikkforhold som hadde vore utenkjelege i dag. Vi ser støttemurar, stabbestein og anna autovern frå tida vegen var i bruk.
Turbeskriving- trase’  Turen startar ved parkeringsplassen på øversida av vegen ved Svinviks arboret. Her ser du skogsvegen som skrår seg opp og innover lia. Det er stigning det første stykket, sidan flatt og nedovebakke. På nedturen kjem skogsvegen du følgjer, inn på vegen som går opp til Gjeldnes. Det er denne vegen vi følgjer vidare nedover ned til gammelvegen (asfaltert). Ta til høgre og følg gammelvegen langs sjøen tilbake til Svinvika.
 Startpunkt Parkeringsplass ved Svinviks arboret
Sluttstad/turmål Parkeringsplass ved Svinviks arboret
Parkering ved startpunkt Parkeringsplassen til Svinviks arboret på øversida av hovudvegen.Inga parkeringsavgift.
Type underlag Grasdekt skogsveg opp lia frå Svinvika, sidan grusveg. Asfaltert veg på tilbaketuren.
 Stigning Nokså bratt det første stykket, småkupert på toppen, nedoverbakke etter grus og relativt flatt på returen etter asfaltert veg.
Offentleg transport Det er langt mellom bussavgangane! Her må du nok satse på eigen transport!
Spesielle forhold

• Stien er ikkje merka.
• Hugs å lukke alle grinder du opnar på turen!
• Rullestolbrukarar kan greitt ferdast etter gammelvegen langs sjøen.
• Det er muleg å gjennomføre rundturen med sportsvogn. Eit tips for folk med barnevogn kan likevel vera å snu turen: å gå utover langs stranda først. Da blir det graskledd skogsveg hovudsakleg i nedoverbakke.
• Hugs inngangspengar til arboretet!

Kart  Ikkje nødvendig

   Klokk på bileta for å sjå dei større eller i serie.

startpunkt_1024x683
Her går du opp!
stavgangarar_1024x683
Medlemmer frå stavganggruppa i pensjonistlaget på tur opp lia.
stavgangarar ved mur_1024x683
Her kan du sjå korleis vegen er bygd.
på toppen_1024x683
Idyllisk etter graskledd veg.
autovern_1024x683
Autovern frå tidlegare tider!
sjøsida_1024x1536
Vakkert også etter den nyaste gammelvegen.
gammelvegen_1024x683
Det er ikkje mange åra sida dette var hovudvegen til Todalen!
tilbake_1024x683
Vi nærmar oss Svinvikgarden igjen.
lamaene_1024x683
Barnas favoritt: Lamaene i Svinvika!
rododendron og kyr_1024x683
Tilbake til rododendron og kyr i Svinvika.
Maja med korg_1024x1536
Maja Frønes i kafeen freistar med piknik-korg!
piknik-korg_1024x683
Nam-nam!
blomstermuffins_1024x683
Spesialitet på kafeen: blomstermuffins!