Bukk_690x380

Sommerleirane i TaeKwon-Do avlyst:

Sommarleirane avlyst: – Dette er berre trist

Koronapandemien sett ein stoppar for sommarleirane i TaeKwon-Do i Surnadal. Dette får store økonomiske ringverknader for Surnadal, som mellom anna går glipp av om lag 6.500 overnattingsdøgn.

Ingressbilete: Arkivfoto frå ein tidlegare sommarleir.
 

2020 skulle vore det 30. året med sommarleirar i Surnadal, sidan oppstarten i 1991. Slik blir det ikkje.

No er det bestemt at alle sommarleirar i TaeKwon-Do i heile landet vert avlyst, inkludert både barneleir, ungdomsleir og vaksenleir i Surnadal.

– Dette er ikkje noko vi har ønska å gjere, men vi såg inga anna løysing, seier Kjell Gunnar Polden i Surnadal TaeKwon-Do-klubb.

Som leirgeneral har han vore med på å ta beslutninga, saman med seniorrådet i National TaeKwon-Do Norway (NTN) og kommuneoverlege i Surnadal, Bjørn Buan.

– Bjørn fortener ros for den jobben han gjer. Han er fagleg sterk og grei å prate med. Vi er heldige, som har fått han hit, seier Polden, som og fortel at han er imponert over måten Surnadal kommune har handtert koronasituasjonen.

Ifølgje Polden var det diskutert å arrangere ein mindre leir i august, hvis koronautviklinga går rett veg.

– Det hadde kanskje gått an, men i NTN har vi ein kode der dei tre første punkta er glede, personleg utvikling og sosial kompetanse. Og gleda kjem langt på veg vekk, dersom ein skal ha eit regime med stor avstand og liknande. Det er heller ikkje gunstig for sosial kompetanse, så eg ser ikkje heilt poenget med å gjennomføre noko slikt.

Han legg til:

– Vi må tenkje på det gode omdømme vi har bygd opp. Skulle vi vore så uheldige at vi fekk koronasmitte på leir her, ville omdømmet vårt fått ein solid smell. Folk ville då trudd at vi ikkje bryr oss om tryggleiken og helsa til folk, seier Polden.

TaeKwon-Do-nestoren peikar på at det ikkje kunne vore lenger frå sanninga:

– På barneleirane våre har vi to sjukepleiarar, og på vaksenleirar har vi tilsett lege, så vi tek slike ting på høgste alvor.
 

Økonomisk ugunstig for mange

Til saman på dei tre TaeKwon-Do-leirane i Surnadal anslår Polden at langt over 1000 personar kjem til Surnadal og overnattar i minst seks døgn. Mange tek ferien sin her, og er her over ein lenger periode.

– Vi er nok ikkje langt unna sanninga om vi seier at Surnadal no går glipp av 6.500 overnattingsdøgn. Det er kjempedumt for både butikkar, hotell og campingen, blant anna, seier han.

Og at avlysninga er økonomisk ugunstig for mange, er det ingen tvil om.

– Det vil vere eit betydeleg tap på alle vis for Nordmøre Folkehøgskule som teknisk arrangør, og leirane er jo sommarjobben til mange, som kjem hit og underviser i tre veker.

Polden fortel at dei møter stor forståing frå alle hald etter avlysninga, og at dei over 300 som allereie var påmeldte til ein eller fleire av leirane no får att pengane sine.

– Dette er veldig synd for ungane og ungdommane, som har gledd seg lenge. No har det vore full stopp i aktivitet, og så kjem slike avlysingar i tillegg. Det gjeld alle idrettar og aktivitetar, ikkje berre TaeKwon-Do, seier Polden, og held fram:

– Eg tykkjer det er trist oppi dette, at aktiviteten vert så redusert. Samtidig er idrett eit overskotsfenomen, og det står ikkje om liv og død om vi ikkje får drive med det. Situasjonen vi er i no sett ting litt i perspektiv, seier han.
 

Jobbar for å få leirane tilbake i 2021

For Polden og arrangørane startar no jobben med å sikre at sommarleirane i Surnadal er tilbake i 2021.

– Eg håpar berre at vi får leirane hit då og, og at det ikkje blir ei intern omorganisering, slik at leirane blir lagt til andre plassar i landet. Så jobben min no blir å prøve å få til gode leirar i Surnadal neste år, seier Polden, og legg til:

– Vi må få folk på trua til å komme hit igjen. Desse leirane er ei stor turistsatsing, som ein bieffekt av det sportslege opplegget.

Etter ei lita pause seier han:

– Dette er berre trist.

Polden prøvar likevel å sjå det positive i situasjonen.

– Eg har ingen evne til langvarig depresjon, det ligg ikkje for meg. Det blir for drygt. Eg gledar meg heller over at folk har ringt og varsla at dei vil legge ferien til Surnadal sjølv om det ikkje blir leir, fordi dei trivst så godt her.

– Og så får eg ein lang sommarferie for første gong på 30 år, ler han, og fortel at han og har to nye, konkrete konsept under planlegging for å få folk til Surnadal.

– Vi ser at konseptet med å ha samlingar i Surnadal er veldig gunstig for bygda, så det må eg prøve å selje inn meir av, seier Polden, som omtalar seg sjølv om «rimeleg Surnadalspatriot».

Det er difor med tungt hjerte han no har vore med på å ta avgjerda om å avlyse sommarleirane, for første gong sidan 1991.

– Det er beklageleg, men slik situasjonen er, ser vi inga anna løysing. Då er det like greitt å gje beskjed om det, så får folk mulegheit til å gjere noko anna i sommar.

kjell gunnar polden og linn benjaminsen 1[1].jpg
Kjell Gunnar Polden (t.v.), her saman med Linn Benjaminsen, verdsmeister i mønster, under ein av sommarleirane i 2019 (Arkivfoto).