Gjermundnes_690x518

Sommarens vakraste eventyr - 4H-leir på Gjermundnes

Dei vakre omgjevnadane på Gjermundnes VG skule skal i år vere arena for 4H Møre og Romsdal sin fylkesleir. Over 200 4H-arar frå heile fylket er venta 25.-28. juni. Mange spennande aktivitetar står på programmet.

Leirkomiteen gleder seg til å ta imot 4H-arar i alle aldrar frå heile fylket. Leirdeltakarane kan sjå fram til fire dagar fylt med spennande aktivitetar, tevlingar og mykje moro. Allereie torsdag startar innrykket til leiren. Då kjem 4H-arane for å sette opp telt og lavvo på leirstaden, rigging av trivlege tun og bli kjent aktivitetar står på programmet denne dagen.

 IMG_0550_690x460.jpg

Fredag er den store aktivitetsdagen. Her er det mykje å velje mellom, nokre skal på gardsbesøk og andre skal mekke i verkstaden. Vi kan nemne tur til spektakulære «Rampestreken» i Rauma og kajakkpadling. Elles vil det vere varierte aktivitetar innan sport, friluftsliv og ulike handverk.

 IMG_0613_690x460.jpg

Laurdag og søndag er det ulike tevlingar på gang, deriblant blir årets fylkesmeister i volleyball kåra. Her blir det spela om heider og ære, med flotte vandrepokalar til premie i to klassar.  Vi skal også kåre fylkets sterkaste klubb i tautrekking.

Leir er høgdepunktet på sommaren for mange 4H-arar. – Det som er så spesielt med å vere på leir er å treffe gamle og nye vener, og å knyte kontaktar. Mest av alt å ha det fantastisk kjekt. Leirkomiteen med leirsjef Berit Fredriksen i spissen​ håper å legge alt til rette for ei god oppleving for alle!

 

Tekst: May Britt Skjortnes

Foto: 4H Møre og Romsdal