- Torsdag 24.05 Barnegolf Surnadal Golfpark
- Torsdag 24.05 Torsdagsgolf Surnadal golfpark
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Opning med Gullvåg
- Torsdag 24.05 Fotball: Rindal FK J14
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Teater NonStop
- Fredag 25.05 Vårsøghelga: Magnhild
- Fredag 25.05 Vårøghelga: Opptog
- Fredag 25.05 "Tor med hammeren"
- Fredag 25.05 Kleivakvelden
- Fredag 25.05 "Men in black 3"
Solid EM-innsats
Heile tre av elevane våre var i vår tatt ut til landslaget i ITF Taekwon-Do. Under EM i Sverige i mai, viste dei fine takter. Ikkje heilt uventa, men likevel svært inspirerande og artig.
Lærar Aleksander Aronsen, var med og tok gull i lagkonkurransen i mønster. Han var så uheldig å knekke tommelen før EM, så han fekk ikkje gått sparring. Å vera med på å ta gull i mønster var eit solid plaster på såret. Det er også inspirerande for elevane at læraren er ein så aktiv og god utøvar.
Bjørnar Blaalid frå Bergen har vore praktikant i år. Han debuterte på landslaget under EM. Debuten vart ein knallsuksess, da han tok sølv i sparring i klasse minus 71 kilo. Det er ikkje kvardagskost at noko frå Norge tek så edle medaljer i sparring for herrer. Ein solid inspirasjon for dei som driv med Taekwon-Do på skulen og i den lokale klubben i Surnadal. Samkvemet mellom elevane frå bygda og elevane frå skulen har vore svært godt i år. Det er det for så vidt kvart år, og det ser ut til at dette er ein trend som varer. Fleire unge bygdafolk som trener i lag med folk frå skulen fleire gonger i veka, og til dels møtes på fritida utenom trening, vil nok få nokre tunge veker når elevane dreg. Vennskapet som har vorte utvikla vil sjølsagt vera vanskeleg å halde ved like når ein bur på vidt forskjellige kantar av landet eller verda for den saks skuld.
Øyvind Røthing som er elev ved linja, var ikkje heilt heldig i årets EM, men neste år er han praktikant, så det går nye tog for den guten. Talentet er det i alle fall ikkje noko å utsette på.































