Soldatminnet i Åsskard

Samling ved soldatbauten for Gunnar P. Bøe er årvisst innslag i 17. mai-feiringa i Åsskard. Etter toget frå Sjøheim med Surnadal Hornmusikk i spissen vart talen denne gong halden av Lilli Husby, einingsleiar for kultur i Surnadal kommune.

2017 05 17 a Bauta foto Bernt G Bøe.jpg
Lilli Husby talar ved soldatbauten over Gunnar P. Bøe attmed Åsskard kyrkje.
 

Gunnar P. Bøe gav livet for fedrelandet i slaget ved Gratangen 25. april 1940. Lilli Husby drog dei historiske linjene til den gongen og gjorde minnet aktuelt også for unge og eldre i dag. Ho avslutta talen med å legge ned krans ved minnebautaen.

Etter seremonien var det gudsteneste i kyrkja. Her forretta Torbjørn Brøske. I preika minte han forsamlinga om at 17. mai er ein dag for ettertanke og oppgjer med urett som er begått mot ulike grupper i samfunnet. Konfirmantar og korgruppe deltok i gudstenesta.

 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe