Søyådalstur

Det var meldt «søvæst og rægn» til søndag 5. august, dagen Stangvik historielag skulle arrangere tur til Søyådalen, så vi var litt spente på om det i det heile teke kom nokon som ville vera med. Jau da, vi vart i alt 18 stykkje som trossa ver og vind. Forresten veret vart ikkje så aller verst det; lange periodar med opphaldsver, men og nokre skikkelege regnbyger.

Vi starta først med ein tur innover Tverrådalen, med samkjøring til «parkeringsplassen» ved Ellevsetseterstølen. Her finnst ikkje restar av husa lenger, men vi hadde god utsikt opp mot Tverrådalssetra, her står både skjelet, fjøset og ei løe. Her fekk vi god orientering av gaidane, Torbjørn Polden og Erling Myrbostad, både om seterdrift, eigedomsskifte, bjønnajakt og mykje anna.

IMG_4601-001.JPG
Tverrådalssetra

Fjøset på Tverrådalssetra ligg slik i terrenget at ein mest kan gå frå bakken ovafor fjøset og ned på taket, og her kunne bjørnen lett ta seg inn. Dei fortalte at ein som var gjetar her kring 1870 fann ikkje anna råd enn å ta med seg «skinnfellen» og legge seg borti fjøset for å passa krøttera for bjørnen.

Etter besøket i Tverrådalen, kjørte vi tilbake til parkeringsplassen ved  Gammelsetra og fortsette innover dalen.  No vart det og mange stopp undervegs, med god orientering av gaidane. Det har vore mange eigarar her gjennom tidene. Det siest mellom annat at  Einar Nes frå Utistua på Nes åtte mykje av Midtsetermarka sist på 1870-talet. Både på Neslandet og Røkkum skal dei ha setra her inne nokre år, sist på 1870- først på 1880-talet. Thore Thoresen frå Stangvika var og eigar av Midtsetra etter at Einar Nes måtte gå frå garden. Thoresen dreiv og med litt turisme på setra medan han åtte her.

Vi fortsette turen fram til Holtasetra. Her fekk vi og høre om setringa, eigarar og om det store snøraset som gjekk på andre sida av dalen i 1979. Det skal ha vore mange hus her, 4 løer, 6 seterskjel med fjøs, i alt 16 hus omring på denne stølen. I «gamle dager» var alle setrene samla på denne sida av dalen. Kan nemne at både Mo og Søyset på Kvenna og skal ha hatt setrer her. Mosetra vart seinare flytta over på andre sida av dalen.

IMG_4607.JPG
Matrast ved Holtasetra

No var det og tid for «lunch», før vi kryssa elva over «bokken» og tok fatt på vegen heimatt på andre sida. Terrenget her ligg innafor «vernaområde». Her har det tidlegare vore planta gran, men no var all grana hoggen fram til grensa. No går derfor stien frå Øyskogsetra opp mot Snøfjellet i ope terreng….

Målet vårt no var Mellingsetra, her venta gjengen til Einar Melling (datter og son med familiar og søster Brit) med kaffe, saft og gode kaker, og ikkje minst god varme på peisen! – Vi har ikkje vore vante med berre ein 10 varmegrader, regn og vind i sommar!

IMG_4617.JPG
Nils Røv fann fram munnspelet på Mellingsetra

Vi var så heldige å ha med Nils Røv på turen. No drog han fram munnspelet og spela åt oss! Skikkeleg triveleg stund på setra – og tusen takk til vertskapet både for mat og at vi fekk koma inn og «verm» oss!

Nede på Mellingseterstølen finn vi og ein «gapahuk» (om vi kan kalle det det..) som  Trondhjems Turistforening har avtale om å få bruke. Her kan dei telte, om dei f eks vil ta turen over «Trollhøtt-traversen» - eit triveleg  husvære med «grue» midt i rommet.

IMG_4619.JPG
Vi takkar for triveleg stund på Mellingsetra

Sjølv om veret langt frå var det beste, hørte eg ikkje anna enn at dei som var med på turen var godt nøgde, ein riktig triveleg tur!! –  Og for den som vil veta meir om området her, vil eg anbefale «Søyådalsboka»! Der finn ein mykje interessant stoff om bl a setringa med mange gode bilde både frå gammel og nyare tid.

Marit Haugen, Stangvik Historielag.

Stangvik Historielag er medlem av Trollheimsporten.