vassdalen1

52-17 Søndagturen

Søndagstur til Vassdalen


INFORMASJON FRA 52-17 SØNDAGSTUREN


Turnavn:

Familievennlig setertur til Vassdalen – Søndagstur i Surnadal


Tursted:

Vassdalen i Surnadal kommune


Oppmøtested:

Ved ei bru mellom Hallmyra og Toresetra i Bøverdalen.

Køyr til Bæverfjord. Ved Bæverfjord samvirkelag tek du av inn på fylkesveg 329 som går oppover Bøverdalen (mot Toreseter). Frå krysset køyrer du ca. 14 km oppover dalen.  Du passerer Hallmyra der fjøset ligg tett inntil vegen på nerside og våningshuset ligg rett ovanfor. Nokre hundre meter etterpå kjem du til ei lita bru med ein parkeringsplass tett inntil på øversida av vegen. Her parkerer du bilen.


PARKERINGSPLASS:

P-plass er ikkje skilta, men den ligg like ved vegen og representantar for arrangørane vil møte deg der.
 

Dato og tidspunkt:

Søndag 11.10.2015 fra klokka 12.00 til ca. kl. 15.00, avhengig av kor lenge vi ønskjer å opphalde oss ved turmålet.


Turbeskrivelse:

Vi følgjer ein sti som går rett oppover frå der vi parkerer. Stien følgjer elva opp mot Vassdalssetra. Den er ganske bratt, men går til gjengjeld i relativt tørt terreng. Vi tek ein rast ved Vassdalssetra før vi tek ein avstikkar inn til Vassdalsvatnet, ca. ein halv kilometer å gå. Denne avstikkaren går i flatt terreng.

Ved seterstølen kan vi velje om vi vil gå ned igjen same veg, eller om vi vil følgje to andre mulege returruter. Dei to andre vegane ned er litt lengre, men ikkje fullt så bratte. Uansett vegvalg kjem du ned på fylkesvegen igjen like ved der du parkerte.


AKTIVITETER:

Viss været tillet det, tenner vi bål ved Vassdalsvatnet. Vi tek med svartkjel, du tek med mat og drikke.


Oppmøtested: 63.08117º N, 8.83600º Ø (WGS84 desimal)

Turmål: 63.09544º N, 8.82013º Ø (WGS84 desimal)
 

Kontaktperson:

Norunn Holten – Bæverfjord IL: 90 31 60 77

vassdalen2.jpg
 

Bilder: Norunn Holten

 

Les mer om 52-17 Søndagsturen på http://www.5217.no/