NOFO_350x226

Søkjarrekord for Nordmøre Folkehøgskule

Aldri før har så mange unge valt å søkje på ein folkehøgskule som i år. Nordmøre folkehøgskule i Surnadal har 220 søkjarar til dei 80 plassane ved skulen. Det er ny rekord, fortel rektor Kristian Lund Silseth.

Søkjartala til norske folkehøgskular er høgare enn nokon gong, og i snitt er 83 prosent av plassane allereie fylt opp, melder nrk.no.

 – Eg trur mange andre utdanningstilbod har vorte meir teoretiske og einsretta, og at det er ei av årsakene til at fleire vil ta seg eit år på folkehøgskule, seier Kristian Lund Silseth.

Han har allereie lova vekk 60 av dei 80 plassane ved skulen, og det før fristen for å søkje høgare utdanning går ut 15. april.

– Vi er vande med svingingar i søkjartala. Dei fem-seks siste har det vore høge søkjartal og gode tider. Så lenge det er slik det er i år, skal vi vere svært nøgde, fortel Silseth.

 (Foto: Nordmøre Folkehøgskule)