Surnadal vidaregåande skole illustrasjonsbilde

Søkartala er klare

Søkartala for kommande skuleår ved Surnadal vidaregåande skole viser stor søking til både studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggteknikk, barne- og ungdomsarbeid og vg3 påbygning til generell studiekompetanse. Totalt har skolen 316 primærsøkjarar, der 277 av desse har ungdomsrett.

Søkere Surnadal vgs 2017.JPG

Nedgang i yrkesfaga

På fylkesbasis ser ein at yrkesfaga samla sett har lågare søking i år, medan søkartala for dei studieførebuande utdanningsprogramma er stabile. Bygg- og anlegg hadde gode søkartal i fjor, men opplever i år ein tilbakegang. Tilbakegangen i søkinga til teknikk og industriell produksjon i fjor, held fram. Nedgangen er på 10%. Fylkesutdanningssjef Erik Brekken meiner dette kan skuldast utfordringane innanfor industri- og verftsnæringa. Eit populært fag som elektro har også mindre søking, med nesten 14 prosent færre søkarar. 

- Det er gledeleg å sjå at helse- og oppvekstfaget framleis er populært, og er no det yrkesfaget med høgast søking med 449 søkarar. Dette er ei yrkesgruppe vi veit at det er bruk for i åra som kjem, seier Brekken.