Mandag
Mandag Kraftig regn
14°
Kraftig regn
Frisk bris
Tirsdag
Tirsdag Kraftig regn
Kraftig regn
Flau vind

Små bygdemeieri leverte smør til England

Lokal meierihistorie var hovudposten på søndagens museumsprogram i Bøfjorden. Einar Oterholm kåserte om dei lokale smørmeieria frå slutten av 1800-åra.

Tekst: Bernt G. Bøe

Smørmeieria a Oterholm.jpg
Kåsør Einar Oterholm demonstrerer utstyr frå dei små bygdemeieria. (Foto Øyvind Magnor Bøe)
 

Husdyrhaldet var skrøpeleg og mjølkeproduksjonen dårleg fram mot siste del av 1800-talet. Men opplysningsarbeid innan Det kgl. Selskap for Norges Vel førte til noko betring. Dermed kom også ei viss meieridrift i gang i 1850-åra.

Sentralt i utviklinga i midtre Norge stod todalingen John Bruset. Han var på 1870- og 80-talet såkalla «meierimester» i eit vidt distrikt. Første meierska på Nordmøre var Brit Wennevold i Sunndalen. Sommerro-meieriet i Surnadal kom i stand i 1887.


Breakfast-smør til England

Eit meierimøte i Bergen i 1890 agiterte for smøreksport til England. Med dampbåtrute frå Kristiansund til Newcastle vart det etter kvart skipa ut mykje smør frå nye småmeieri i bygdene våre.

Lite hjelpte det at legane åtvara mot å selje smøret – dei meinte folk trong det sjøl. Eksportproduksjon starta opp i så å seie alle bygder, med moderne separatorar og smørkinner.

Her kom bøfjordingane også med, fekk folk i salen vite. Blant mange unge jenter som utdanna seg til meiersker, var Elen Sæter frå Betna – seinare gardkone på Skrøvset. I 1890 kom ho frå Hegra Meieri og vart meierske på det nye Bøfjordens Meieri.

Den første tida heldt drifta til i Mildri-stua på Settem. Papira fortel – i litt pussige vendingar - at «leverandørene hadde pligt hver sin dag aa dra ceperator og smørkjerne samt hjælpe meiersken med det fornødne».

Smørmeieria c Elen Sæter Skrøvset.jpg
Elen Sæter var første meierska i Bøfjorden. Ho vart seinare gardkone på Skrøvset. (Foto: Privat)
 

3 tonn årleg frå Ådalen

I 1894 reiste bøfjordingane eige driftsbygg i Ådalen – med hybel til meierska. Året etter monterte dei rør og turbin slik at vasskraft frå Ådalsbekken drog maskinene. Ei anna «modernisering» - løypestreng med vogn for mjølkespanna ned frå Settem – fall uheldig ut: Bremsen svikta, og spanna dundra mot endestolpen ved meierihuset så mjøkespruten stod til himmels!

Bøndene frå Settemsdalen, Settem, Nordstranda og Bølandet leverte dagleg rundt 300 liter mjølk. Dette gav 11-13 kg smør. Dette vart pakka i 50-kilos tredunkar og sendt med dampbåten til Kristiansund og derifrå til Newcastle i England. På eit år (som 1895) vog meierska inn 76.000 kg mjølk og laga innpå 3 tonn smør.

Drifta var på sitt høgaste rundt 1905. Men så dukka det opp planer om stort fellesmeieri på Nordmøre. I 1913 vart Bøndernes Meieri (det seinare Nordmøre Meieri) oppretta i Kristiansund. Og dermed var tida for både Bøfjordens og dei andre bygdemeieria komen til endes.

Smørmeieria b Meierihuset frå Ådalen.jpg
Meieribygninga frå Ådalen vart seinare flytta til Hestnes i Valsøyfjorden - som fritidshus. Biletet derifrå er teke i 2003. (Foto: Bernt G. Bøe)