Henning Sommerro og Kor Gøttj 2_690x432

Slik vart Vårsøg til

Vårsøg er sangen som alle vil høyre. Det er få som kan teksten utanat, men melodien sit inne hos dei fleste. Henning Sommerro skreiv melodien som 19-åring i 1971. – Tonane kom i løpet av nokre få minutt, seier musikaren og komponisten frå Surnadal til NRK Møre og Romsdal. Sommerro er i dag professor i musikk ved NTNU i Trondheim.

Det var sambygdingen Hans Hyldbakk som skreiv teksten som eit dikt våren 1945, for sytti år sidan.

– Alle tenker at sangen handlar om våren. Men innhaldet er nok svært prega av at det gjekk mot fred etter tunge kringsår, seier Sommerro. Likevel er det vel dei færraste som tenkjer på Vårsøg som ein fredsssong om våren i fedrelandet.

Komponisten påpeikar at både vår, sommar og haust er med i teksten, som Hyldbakk skreiv i eitt av sine kjente Kleivabrev frå Surnadal på Nordmøre.
 

Les heile intervjuet med Henning Sommero på NRK Møre og Romsdal sine nettsider: Slik vart Vårsøg til


Bildet over: Henning Sommerro og Kor Gøttj i ein konsert i Rindal kirke i 2014