043_350x233

Skulejubileum vel i hamn

Både gymsal og klasserom var dekorert til fest då Todalen skule og barnehage feira sine runde tal i helga. Barnehagen sine 20 og skulen sine 90, skriv todalen.no. Rundt om heile førsteetasjen var det utsillingar frå ulike tidsepokar. I gymsalen var det blant anna ein heil vegg med gamle skulebilete, der mange brukte tida godt for å sjå etter kjentfolk.

Skuleungane hadde også denne gongen ordna med underhaldning, både songar, diktlesning og skulehistoria i form av stand-up.

Ellers vart publikum losa gjennom viktige hendingar i skulen si historie frå ulike perspektiv; Tor Holten hadde fått i oppdrag å lesa helsinga frå Olav Kvendset, Jon Husby fortalde om sin første skuledag, Maren Ansnes om dei svinharde snøballane til Nils Øyen, medan den yngre garde tok fram alle turane dei hadde fått teke del på, blant anna.

Les meir og sjå fleire bilder på todalen.no.