bøfjorden oppvekssenter

Formannskapsmøte i Surnadal kommune 28. april:

Skulebygget i Bøfjorden

Formannskapet i Surnadal har møte tirsdag 28. april. Dei skal blant anna ta stilling til framtida til skulebygget i Bøfjorden. Etter ny vurdering har ein kome fram til at det blir svært dyrt å rive bygget. Dette gjer at ein må vurdere rivingsalternativet på nytt.

Surnadal kommune har hatt eit møte med styret i Bøfjorden Grendalag, der grendalaget orienterte om sitt syn omkring framtidig disponsering av skulebygget (arkivfoto).

Etter dette har rådmann Knut Haugen, kommunalsjef teknisk Inge Skogheim og einingsleiar eigedom Olav Rønning vore på befaring ved skulen saman med grendalaget. Ein har etter nærare vurdering av rivingskostnaden kome fram til at denne truleg vil bli ein god del høgare enn det som vart lagt til grunn første gong saka vart drøfta. Truleg vil riving koste minst 1,2 mill. kr. Ikkje minst pga. kraftige betongveggar i underetasjen og etasjeskillarar i betong. Dette gjer at ein må vurdere rivingsalternativet på nytt.

Tidlegare har kommunen vurdert det slik at det gamle skulebygget ikkje kunne nyttast for barnehagen. Etter ei ny vurdering av dette meiner rådmannen no at det nyaste tilbygget på enden av skulebygget kan vere eit tilfredsstillande alternativ for utviding av barnehagen. Dermed vil kommunen spare kostnader for leige av ny paviljong, slik det var foreslått i første behandling av saka.

Foreløpig har ein ikkje fått endeleg og stadfesta svar på målingane om evt. muggsopp i sjølve skulebygget, men Miljøretta helsevern m.fl. har vore på befaring, og det er ikkje funne indikasjon på soppangrep i den delen av bygget som tiltenkt barnehagedrift.

Før ein kan ta i bruk dette arealet som barnehage vil det likevel vere nødvendig med noko påkostning, som t.d. eit garderoberom og eit ekstra WC. Surnadal kommune er i dialog med forsikringsselskapet, og har håp om at kostnaden med nytt røropplegg og tørking/utskifting av golv vil bli dekt gjennom forsikringa. Viss ein får til dette kan ein om ønskeleg disponere gymsalen til aktivitet på kveldstid slik som før.

Grendalaget har ikkje avvist at dei kan vere interessert i overta skulebygget viss kommunen ønskjer å avhende det. Denne dialogen må ein fortsette etter at reparasjons- og oppussingsarbeid er gjennomført.
 

Rådmannen si tilråding til Formannskapet:

1. Skulebygget skal ikkje rivast, men får fortsette å stå som i dag.

2. Den nyaste delen (paviljong mot sør-aust) blir oppussa og klargjort for bruk tilpassa barnehagen – som utviding av noverande areal. Det blir lagt opp nytt røropplegg forbi lekkasjestaden i skulebygget. Samla kostnader til dette er anslått til kr 150.000-200.000.

3. Dersom resultat av målingane påviser muggsopp i gymsalen og tilknytta rom i den eldste delen av bygget, kan ikkje desse romma nyttast før materialane med spor etter soppangrep er fjerna. Kostnaden med dette er uavklart og kjem evt. i tillegg til pkt. 2.

4. Dersom forsikringssummen viser seg å bli lågare enn dei samla kostnadene med oppussing vil saka bli lagt fram for ny politisk behandling, for å avklare finansiering.

5. Rådmannen får fullmakt til å avklare om det er interesse for overtaking av skulebygget.

 

Her finn du sakspapira til formannskapsmøtet 28. april.