Søndag
Søndag Skyet
26°
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
12°
Delvis skyet
Flau vind
2019 06 13 Museet 9kl a

Skulebesøk på museet

- Kjekt å vite om korleis det var før i tida! Dette var eitt av svara da 9-klassingar på museumsbesøk vart spurde om vitsen med å lære lokalhistorie.

Bildet over: Her er ein ekte kvalbarde frå Sørishavet og ein like ekte gammalostkopp. Kyrkjebenkdør nr. 13 er frå Korskyrkja i Stangvik (1784). Og med snørsula til høgre er det fiska mang ein storsei!


Kvar vår opnar Bøfjorden Sjøbruksmuseum dørene for 9-klassingane i Surnadal. På torsdagens historietime presenterte Bernt Bøe gamle hendingar og utstyr som i seg sjøl sa litt om korleis verksemd og velstand har vorte til gjennom åra.

Det handla om bygging av havgåande dampskip i fjøresteinane, om sildefiske og om skutene som frakta sand frå Surna til gjennoppbygging av eit krigsbomba Kristiansund. Det handla om damprutebåten som forliste bortafor museet og om korleis seglskutene navigerte med sekstant og logg. Det handla om tønneproduksjon og skomakararbeid, om smørkoppen frå 1760 og om kvifor rikspresident Hindenburg premierte mannskapet på DS «Bøfjord» i 1924.

Høgdepunktet var kanskje den dramatiske historia om «Mannbjønnen», som drap fem menneske i Bøfjord-traktene på 1770-talet. Heldigvis vart han skoten da meisterskyttaren Tølløv Folldal kom på skothald oppmed Hjelmen og fyrte av - med sølvkule i munnladningsrifla, slik det er sagt!

Programmet vart avslutta med ein liten eksamen. Og resultatet av quiz’en viste at mange hadde følgt godt med i timen. Kanskje fekk elevane med seg litt meir enn dei før visste – «om korleis det var før i tida»?

2019 06 13 Museet 9kl b.jpg
Dette laget scora 20 av 25 mulege poeng på quiz’en etter historietimen. Museumskrus med båten «Skrøyfa» var velfortent premie!

 

Tekst og foto: Bernt G Bøe

Tips en venn Skriv ut