Lørdag
Lørdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Søndag
Søndag Klarvær
Klarvær
Stille

Skitt fiske

Fiskelykke er også ei rein elv utan søppel og rask. Det vil Surnadal IL Dykkerklubb vere med på gjennom ein miljøaksjon i elva Surna no i vår i lag med kommunen og Hamos.

IMGP3041.JPG
Representantar for miljøaksjonen: Linda M. Øye, dykkerklubben, Thomas Jørgensen, dykkerklubben, Karin Halle, Surnadal kommune, Georg Solem, Surna elveeierlag, Lilly Gunn Nyheim, ordfører, Stein Egil Aakvik, Hamos og Erik Halle, dykkerklubben. 

Aksjonen i vår startar i den djupe Korsahølen ovafor brua ved Honnstad. I dagane før påske vil dei flyte nedover elva og rekognosere heilt til utløpet for å få kartlagt kor mykje søppel som kan ligge i elva.

Det er viktig å bli ferdig med heile aksjonen før vårflaumen og fiskesesongen, seier Georg Solem frå Surna Elveeierlag.
- Det kan bli stor flaum i år, la han til. Det kan vere lurt å ta dei rundballane som ligg nærast elva før flaumen kjem. Han var ikkje redd for at fisken skulle bli uroa av dykkarane og ryddinga.

Kommunen er glad for dette miljøtiltaket. Verken plast eller metall hører til i naturen, og det er bra at frivillige er med på denne oppryddinga. Med den gode renovasjonsordninga ein no har der miljøtorga til Hamos tek imot all slags avfall, skulle det ikkje bli nødvendig med fleire slike miljøaksjonar.

I fjor var det ein aksjon for å samle saman skrapmetall i Surnadal, og den hadde 15 tonn som mål. Dei fann 45 tonn! Hamos tok seg av dette i lag med Retura, og Hamos vil vere med på denne aksjonen også. Hamos deler ut sekker til oppsamling og hentar det innsamla søplet og kan også stille med kranbilar for å hente større ting frå elva.

Erik Halle frå Surnadal IL Dykkerklubb fortalte om tidlegare ryddeaksjonar dykkarklubben har vore med på i fjorden. Der hadde dei funne attglømte teiner med innestengt fisk. Dei har også vore med på strandrydding i lag med andre organisasjonar. Det er framleis nødvendig, særleg ved badestrender og småbåthamner.

Det har vore sterkt fokus på søppel den siste tida, særleg på plastavfall. Mesta alt søppel endar til slutt i havet der fisken kan ete det, og fisken får vi på middagsbordet! Vi må samle søplet betre enn vi har gjort.

Når folk ser innsatsen til dykkarklubben i elva, kan det hende grunneigarar tek ein tur og rydder på land etter elva også. Hamos kan stille med innsamlingssekker og henting av slikt avfall også.

Norges Dykkerforbund har fått 9 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB for å arbeide vidare med tiltak mot marin forureining, noko dei har gjort dei siste åra. Surnadal IL Dykkerklubb ønsker å ta del i denne miljøaksjonen. Slike sponsormidlar er viktig for å skaffe det utstyret som trengs til innsamlinga. I tillegg til dykkarutstyr treng dei også følgebåt.

I 2016 og 2017 var det over 50 klubbar som gjennomførte over 200 ryddeaksjonar med slik støtte.

Tegning Ryddedugnad.jpg


 

Tips en venn Skriv ut