Thon Hotel Surnadal2

Thon Hotel Surnadal

Skifter navn

Frå i dag av heiter hotellet i Surnadal, Thon Hotel Surnadal. Dette er for å gjera det lettare å marknadsføra hotellet, då det gamle navnet, Thon Hotell Vårsøg, ikkje seier noko om kvar hotellet ligg reint geografisk, sjølv om vi kanskje likar å tru at "alle" veit kvar "Vårsøglandet" ligg!

- Dette er noko vi har tenkt på i lengre tid, og vi trur at det vil ha positiv effekt i samband med marknadsføringa av hotellet, seier hotelldirektør Tor Rune Halset. - Sjølve destinasjonen Vårsøg er vanskeleg å forhalda seg til for folk flest i landet, så Surnadal blir slik sett betre og forhalda seg til. Til og med kollegaer i Thon sentralt har problemer med å vita kvar hotellet ligg, fortset han. - Men vi skal fortsatt ha "Vårsøg" og Hans Hyldbakks dikting som hovudtema i dekoreringa av romma på hotellet, skyt hotell- og bookingsjef Øyunn Aune inn.

Ny profilering med nytt navn.

Arbeidet med å skifta ut skilt, reklame m.m. er allereie i gong, så vi vil snart sjå forandreingar på fasaden på hotellet, samt på nesttstader som hotellet profilerar seg på.

- Og så blir det enklare utan bokstavane ø og å i navnet når ein skal profilera seg på internett, avsluttar Halset

Så frå no av heiter det altså; Thon Hotel Surnadal

Thon Hotel Surnadal.JPG
Frå venstre: Ole Georg S. Øye,selger, Tor Rune Halset, direktør, og hotell- og bookingsjef Øyunn F. Aune