DSCN5066_500x667

Skifte av målform Øvre Rindal skule

Kommunestyret i Rindal imøtekjem FAU ved Øvre Rindal skule sitt ønske om at det skal haldast rådgjevande målavstemming om hovudmål ved skulen. Rådmannen får fullmakt til å organisere målavstemminga. kommunestyret var også enige om å kjøre ein prosess på dette slik at alle i lokalsamfunnet får seie si meining i saka.

- Dette er ein måte å gjera det på. Underskriftlister og krav om skifte av målform er ein annen, sa ordførar John Ole Aspli (Ap), da kommunestyret einstemmig vedtok å kjøre ein prosess fram mot rådgjevande målavstemming ved Øvre Rindal skule i gårsdagems møte. Du finn heile saksframlegget her med bakgrunn og vurderingar. Punkt to i innstillinga vart kutta ut i vedtaket, da ein ikkje ser seg råd å få til dette til neste skuleår. Uansett vil dei som har starta på nynorsk som hovudmål, gå ut med dette medan dei går på Øvre Rindal skule. Det blir ikkje innført eventuelt ny målform anna enn for dei som startar i 1. trinn, om vedtak om skifte blir vedtatt.

- Derfor er det svært utfordrande og krevande å få til dette til neste skuleår, sa rådmann Bjarne Nordlund.

Ann Elin Hess Brønstad (Sp) (til venstre) peika på at det ikkje er skifte av målform, men rådgjevaqnde om vi skal gjera det. - Derfor tykkjer eg det er likare å bruke litt tid på dette. Det er urealistisk å få det til til neste år, sa ho. Rådmannen repliserte at han meiner det er skifte av målform det dreier seg om. - Men dette med tida er det kommunestyret som bestemmer. Skal vi få dette til før høsten, blir det svært lite å få til i forkant av møter og meiningsutvekslingar, sa rådmannen.

- Spørsmåla kjem og vi treng ein prosess rundt dette spørsmålet, meinte Hanne Tove Nerbu Baalsrud (Sp) og dermed kom spørsmålet om stryking av punkt 2 i innstillinga. Det foreslo Elsa Jensvold (KrF) (under til høyreI).

- Det er rett at lokalsamfunnet får ein sjanse til å si noko om kva dei meiner om dette, sa ho og slik var vedtaket einstemmig utan punkt 2.