Picasa

Siste dag på jobben

Ein laksesesong som nådde store høgder går mot slutten. Det gjer også «sesongen» for Jan Johanson som sluttar som drivar av Øvre Sæter Camping etter 18 år. Neste år er det Edgar Landsem som tar over igjen.

Jan Johansson har fiska i Surna kvar sommar sidan 1960. Mange år vart det tre turar for sesongen, ein i starten, ein midt i sesongen og ein tur ved avslutninga i august. No har han hatt Øvre Sæter Camping i 18 år og vore her heile sesongen.

Saman med Ragnar Mauset er Georg Solem på Øvre Sæter Camping for å takke Jan Johansson for den innsatsen han har gjort som ambassadør for Surna og dalføret her. Gjennom bøker og faktaartiklar har han spreidd kjennskapen til Surna gjennom både tekst og bilde. Ubetaleleg reklame for bygda. Det blir rart når Janne ikkje er her, seier Solem.

Når han ikkje fiskar i Surna eller andre elvar i Norge, Sverige, Skottland eller andre land, skriv han bøker og artiklar om sportsfiske. Det har han også gjort om Surna.

Dei bidraga han har gjort til å gjere Surna kjent er uvurderleg, seier Georg Solem i Surnadal Elveeigarlag. I tillegg har han eit verdifullt nettverk med andre kjente folk som han har introdusert Surna for.

Alderen og helsa er imot meg, seier Johansson. - Det er best å slutte medan ein er på topp. Dei siste dagane har fluefiskaren kosa seg i elva med mange napp og teikn på liv. Før helga fekk han ein laks på over 13 kg. Den fekk fortsette livet sitt i Surna. Tilsaman har Janne fått på land over 1000 laksar, ein god del av desse i Surna.

Jan likar å skrive om det som engasjerer han. Han er ein entusiast som gler seg over at andre får fisk. Det har han fått oppleve mykje av som instruktør for nye fluefiskarar.

I bøkene er det heile opplevinga rundt fiskinga som er tema. Også dei gode historiene ved elvekanten. Og alt må illustrerast med bilde.

Denne laksesesongen starta svært dårleg. Lite snø i fjella gav lite vatn, og temperaturen freista meir til bading enn til fiske. Men så kom regnskurer og småflaumar!

Resultatet er at vi har fått ein topp avslutning på sesongen, fortel Mauset og Solem. Det er tatt opp mykje laks, og det er beste smålaksåret på 10 år med over 1 tonn smålaks! Sesongen sluttar i helga, og det er framleis godt fiske.

Trollheimsporten har mykje godt stoff om laksen og Surna. Sjå dette stykket om Jan Johansson frå 2011. Der finn du linkar til mange andre artiklar om laksen og Surna under mappene "Edgar Landsem".

Ragnar Mauset, Jan Johannesson og Georg Solem ved Surna.

Denne dama er inga "fiskarenke!"