Bjorvollen foto Norunn Holten

Sissel vart septembervinnar!

Det er trekt Stikk UT!-vinnar for september, og gåvekortet denne månaden går til Sissel Gravvold frå Bøverdalen. Gratulerer, Sissel! Det var ein tur til Stikk UT!-posten ved Bjorvollen som førte hell med seg denne gongen.

Dette er nest siste Stikk UT-trekning i år. Sesongen varar ut oktober, og sommarsesongens siste gåvekort vil bli trekt i starten av november. Kvar tur til eit Stikk UT!-mål i oktober vil bli med på denne trekninga. Alle personar som registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune, kan vinne.

Tidlegare vinnarar:
Mai: Roger Sæter.
Juni: Eunkyong Youn.
Juli: Karin Sunde.
August: Britt Mossing.

For den som kunne ha tenkt seg årets Stikk UT!-krus, kan vi minne om at du må ha vore på minst sju Stikk UT!-mål for å få kjøpe kruset. Du har no ein månad på deg for å dei siste turane unnagjort. Hugs at turane må vera registrerte på stikkut.no!

 

Bildet over: Koseleg å raste under tak i den toskipa Bjorvoll-løa.

Tekst og foto: Norunn Holten.