- Onsdag 23.05 Åpen leikeplass
- Torsdag 24.05 Barnegolf Surnadal Golfpark
- Torsdag 24.05 Torsdagsgolf Surnadal golfpark
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Opning med Gullvåg
- Torsdag 24.05 Fotball: Rindal FK J14
- Torsdag 24.05 Vårsøghelga: Teater NonStop
- Fredag 25.05 Vårsøghelga: Magnhild
- Fredag 25.05 Vårøghelga: Opptog
- Fredag 25.05 "Tor med hammeren"
- Fredag 25.05 Kleivakvelden
Sidensvans svinsa innom
Dei hadde full oversikt i toppen av bjørka, speidande etter avglømte hagebær, rognebær eller kanskje frukt - sidensvansen. Den er ein vanleg trekkgjest og hekkar i Aust-Finnmark. Den har ein staselig fjærtopp, den er lett å kjenne att på. I går flokka den seg øvst i bjørka på Solum:
Den legg ut på vandring om hausten og er blant dei mest selskapelege av alle fuglar. Nesten kvart år dukkar store sidensvansflokkar opp så og seie over heile landet, og enkelte år kan invasjonen nå dei verkeleg store høgdene.
Dei streifande fuglane, i flokkar på fleire hundre, er ute etter frukt og bær av ulike slag, og særleg i rike rognebærår, kan gjestane frå det høge nord gjera seg sterkt gjeldande sør i landet. Trass det omfattande "trekket", som kan strekkje seg langt sørover i Europa, er sidensvansen ikkje nokon eigentleg trekkfugl. Det dreier seg om ei rein næringsvandring, og sannsynlegvis er det mangel på føde i hekkeområda som med mellomrom utløyser dei store invasjonane.
Klikk på bilda og sjå dei større og i serie: