- Søndag 05.02 Gudstjeneste Øvre Rindal
- Søndag 05.02 Høgmesse Ranes kyrkje
- Søndag 05.02 Familiegudsteneste Stangvik kyrkje
- Søndag 05.02 Håndballkamper i Rindalshuset
- Søndag 05.02 Rindal kino: Mission Impossible: Ghost Protocol
- Mandag 06.02 Barneforening i Rindal
- Tirsdag 07.02 Innendørs skyting på Angråmyra
- Onsdag 08.02 Rindal Pistolklubb trening onsdager
- Onsdag 08.02 Åpen leikeplass
- Onsdag 08.02 Skitrimmen
Show, sjarm og soul
- Kanskje den beste konserten som har vore her på kulturhuset, sa Karstein Telstad etter det ein og ein halv time lange showet. Da hadde publikummet i Storstuå fått ein gnistrande musikalsk kavalkade frå eit storband i storslag.

Høgt nivå: Smøla Janitsjar med ildsjel, dirigent og vokalist Egil Holberg (i full aksjon på bildet t.h.) i spissen, briljerer med høgt musikalsk nivå. I konsertsamanheng består dei av rundt 40 personar, inkludert songarar og band, og har opp gjennom åra hatt store temashow som har gjort suksess både i Trondheim og Kristiansund.
"Highlights"-showet som fekk publikummet i kulturhuset til å kvittere med ståande applaus, hadde ikkje eit einaste dødpunkt. Klassikarar frå pop- og rockhistoria kom på rekkje og rad, framført med elegant koreografi, lys, bilder og gode solistar.
Speleglede: I tillegg til tette arrangement, teknisk gode musikarar og stort trøkk - utført av mellom andre surnadaling, distriktsmusikar og innleigd perkusjonist Jo Inge Nes - har Smøla Janitsjar speleglede, avslappa humor og smittande overskot.
Det var Beatles, Elvis, James Bond-melodiar og Cliff Richard-medley framført av dei yngste medlemmane i korpset. Frå Hollies' "He aint heavy, he's my brother" til soulklassikaren "Knock on wood" til Jørn Hoels "Har en drøm" til "Fever", steig temperaturen i salen.
Smølaværingen Hilde Norbakken er mellom anna korist for Dance With A Stranger, og blant mange høgdepunkt laurdag var var versjonane hennar av Stranger-kjenningane "Long December Night" og "Everyone needs a friend sometimes".
(Klikk på bilda for større versjonar)



































