Sagene Puck Midtnorskmester 2017_cropped_690x535

Shalala la-la for Sagene Puck

Etter ein lang lørdag og 5 harde kampar kunne Sagene Puck, ishockeylaget frå Rindal, endeleg løfte trofeet som vinnarar av Midt-Norsk Ishockeyliga 2017 i Fosenhallen i Bjugn.

Av Facebooksida til Sagene Puck ser vi at vegen mot finalen var slik:

Kamp 1: Sagene - Ørland 2 – 2; Mål: Eirik (ass Ole Bjørn), Odd Inge Kvernberg (ass Eirik)

Kamp 2: Sagene - Leangen 4 – 0; Mål: Eirik, Odd Inge Kvernberg x2 (ass Ole Bjørn, Lasse) Inge
Treg start som vanlig, men Rindals sterkeste mann is on fire!!

Kamp 3: Sagene - Astor 3 – 0; Mål: Ole B Grytbakk (ass. Eirik), Lasse og Olaf

Kamp 4: Sagene - Rosenborg 6 – 0; Mål: Ole Bjørn 4 (Ass Lasse, Kvernberg, Eirik og Fredric), Inge (Ass Olaf) og Odd Inge Kvernberg (ass Eirik) Lekent.

Siste kamp gikk mot Forbregd Birds frå Verdal.
Sagene Puck knallar til med uavgjort, 1 – 1, Ole B putta i buret i denne kampen også, assistert av Lasse. Dermed vart dei vinnarar av Midt-Nors Ishockeyliga 2017 og tok pokalen heim!

-  Shalala lala lala, åååååå Sagene! - avsluttar Facebookreferatet!

Sagene Puck laget_690x518.jpg

Trollheimsporten gratulerer!

Fosenhallen_cropped_690x490.jpg
Fosenhallen