torviksetra april

Her er status for postane i Surnadal:

Sesongstart for Stikk UT!

1. mai går startskuddet for turkassetrimmen Stikk UT! Dette bildet frå Torviksetra viser at det enno er snø på mange av postane i Surnadal. Viss ein har truger eller tykkjer det er greit å bli våt på føtene, er likevel kodane kome ut på dei fleste postane. Status per i dag er slik:

Vi håpar folk har leita fram turskoa og gjort seg klare til nye opplevingar i skog og mark. 

Dei "raude" postane Bjøråskaret, Bølia og Snøfjellet har alle utsett opning. Vi satsar på opning på Bølia den 15. mai, på dei to andre postane 1. juni.

Soggnebba: Kode er heller ikkje utlagt her enno. Planlagt opning er 10. mai.

Torviksetra, Haugasetra, Settemsvarden, Svartvatnet: Du må rekne med snø i øvre delar av traseen, men kodane er på plass. På grunn av skogsarbeid, kan det vere ekstra bløytt på stien opp til Haugasetra i starten av sesongen. 

Svinvikrunden, Kleiva og rundtur på Årnes: Fine forhold! 

Tjønnmyran i Todalen: Litt snø, men går fint med joggesko. 

Elles er det i år litt ekstraordinære tiltak på grunn av smittefare. Det er ikkje bøker i turkassane, og kodane står på utsida. Hald avstand til andre turgåarar og nyt sommaren ute i det fri!

Les meir om turmåla i Surnadal kommune her

Mvh

Norunn Holten

Stikk UT!-kontakt for Surnadal kommune