Alle tre

Rindal utmarkslag:

Sesongens "predator-konkurranse" avslutta

Rindal utmarkslag har for tredje år på rad arrangert ein såkalla "predator-konkurranse". Det er ein konkuranse kor det gjeld å fella flest skadedyr. Dette er ein måte å halde det stadig aukande antal av skadedyr nede på eit akseptabelt nivå. Onsdag kveld var det premieutdeling.

Antal skadedyr som til dømes kråke, rev og grevling har auka og i eit ledd i forvaltinga har Rindal utmarkslag arrangert ein "predator-konkurranse" ,kor det er felling av slike dyr som gjer at at småvilt får dårlegare vilkår til å formera seg, som gjeld. Mange av desse rovdyra påfører òg mange jordbrukarar skade, då det blir hakka hol på rundballane i samband med slått. I tillegg får ein teke ut skada og sjuke dyr. Det har vore bl.a skote rev som er angrepet av skabb.

Det er tredje året utmarkslaget arrangerar denne konkurransen og det har vore eit populært innslag blant jegerar og fangstmenn. Nils Ivar Grøset frå utmarkslaget ønskjer likevel fleire deltagarar til neste år, for arbeidet med å halde skadedyrbestanden nede er viktig for å sikra at småvilt får betre levevilkår.

Suveren vinnar

Edvin Landsem var den som felte desidert mest skadedyr og kunne motta ein pokal frå utmarkslaget. Edvin kunne òg fortelja at han aldri har felt ei rype eller anna skogsfugl i si karriere som jeger, men vil heller vere med på å betre vilkåra til desse gjennom felling av skadedyr. På dei neste plassane på lista følgde Geir Ove Lo på sølvplass og Anders Løfaldli på bronse.

Edvin Landsem.JPG
Vinnaren av årets konkurranse, Edvin Landsem.

Alle tre.JPG
Frå venstre: Nils Ivar Grøset frå utmarkslaget, vinnaren Edvin Landsem og Geir Ove Lo som kom på andreplass.

Les meir om konkurransen og Rindal utmarkslag her.