IMG_0210 (1)_690x378

Frå Todalen.no:

Sesongavslutning for stavgangarane

Torsdag 13. oktober var det sesongavslutning for stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag. Veret kunne ikkje ha vore betre, og heile 36 personar møtte opp ved Vang skisenter for å vere med på dagens trimtur.

IMG_0198_690x473.jpg
Ivrige stavgangarar klare til start.
 

Kristian Ranes ønskte alle velkomne og orienterte om dei ulike turalternativa. Her kunne ein rusle rundt i nærmiljøet ved skisenteret, gå den gamle postvegen i retning Stangvik eller ta ein tur ned til Kvennahaugen. Når det er stavgang, bestemmer kvar og ein tempoet sjølv og kor lang turen skal vere, om ruta skal vere ganske flat eller om ein kan ta med ein motbakke eller to. Men like viktig som trimmen, er det å ha godt turfølgje. «Det viktigaste er å ha nokon å tala med», var det ein som sa. Og mange la vekt på at stavgangen er eit godt trivseltiltak, samtidig som det er sunt å gå.

Etter turen var det denne dagen kaffelag inne i klubbhuset til Søya, berre så vidt at alle fekk plass ved borda. Folk tok fram termosen medan fem damer sørga for gode kafebrød: lefser, bakels med både mølsgraut og smørgraut, – og riktig godt smaka det.

IMG_7658.jpg
Grete Mauset (t.v.) takka Bitten Ranes for god servering gjennom sesongen.
 

Les heile saka og sjå fleire bilde på www.todalen.no


Tekst og foto: Dordi Jorunn Halle/Todalen.no