Header

Rindal IL slo Sjetne klart:

Serievinnarar og opprykksklar

Rindal ILs damelag i handball hadde få problemer med å slå Sjetne i den avgjerande kampen om opprykk. Etter ein litt famlande og nervøs start var ikkje heimelaget trua på nokon måte og kunne sleppe jubelen laus med både konfetti og gullhattar. Opprykket og seriemeistertittelen var sikra!

Det var eit forventningsfullt publikum som fylte Rindalshuset denne ettermiddagen, og rindalsdamene leverte god handball, sjølv om byrjinga av kampen var litt nervøs og famlande av heimelaget. Sjetne scora det første målet, men etter det seig heimelaget frå i målprotokollen. Dei var enormt gode i forsvar, og dei hadde vald å setje frimerke på Sjetnes playmaker, Henriette Brennskag Dorsin, opprinneleg surnadaling forøvrig, noko som fungerte til punkt og prikke. Ane Vasskog var aldri meir enn ein meter unna og sette Brennskag Dorsin ut av spel det meste av kampen.

Me må trekkje fram Malin Gåsvand Løset som banens beste for heimelaget. Saman med Gro Anita Bolme var dei krutgode både i angrep og forsvar. Dei sette fart på kvar gong dei vann ballen og bortelaget klarte ikkje å henge med, og i forsvar var heimelaget overlegne i både styrke og tæl.

Til slutt stod det 29-22 i favør heimelaget og seriemesterskap og opprykk var i boks! Med "We are the champions" over høgtalaranlegget, storma spelarane og støtteapparat banen i ført gullfarga "pik-hatta" og publikum reiste seg og applauderte, og stemninga var nærast elektrisk!

Trollheimsporten stiller seg i rekkja av gratulantar!

 

Se tabellen her

Kampfakta Rindal - Sjetne 29 - 22 (14 - 7)

Maren Halgunset 
Reidunn Kristine Grytbakk 
Malin Bjørnås  4
Ana Paula de Jesus Pimentel   2
Eline Romundstad   1
Ane Vasskog  3
Stine Helen Slettvåg Løkås 
Ida Moen 
Malin Gåsvand Løset  8
Eirin Eline Mogset 
Nelly Skjølsvold 
Kamilla Bakk Solligård  2
Marlene Indiane Myrlund   1
Gro Anita Bolme  8
 
Malin tek straffe.jpg
Malin G. Løset tek straffe, og........
Malin Straffejubel.jpg
scorar!
Gro Anita og Malin i forsvar.jpg
Heimelaget kjempa som løvinnar i forsvar! Her representert med Gro Anita Bolme og Malin G.Løset
Fullsett hall+jubel.jpg
Ein fullsett hall hylla damene etter kampen.
Blæstn.jpg
Blæst`n spelte opp.
Sjampisfest.jpg
Sjampis-fest i snødrevet!