Lilly Gunn Nyheim

Fylkesmannen foreslår å kutte bygg og anlegg ved Surnadal vgs:

Ser budsjettkutt i samanheng med Nordøyvegen

Fylkespolitikarane Yvonne Wold (SV) og Lilly Gunn Nyheim (AP) peikar begge på Nordøyvegen som hovudårsaka til at fylkesrådmannen no må foreslå drastiske kutt – som ligg an til å ramme Surnadal vidaregåande skole.

Tysdag la fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik fram budsjettforslaget for Møre og Romsdal fylkeskommune for 2020. Der gjekk det fram at drifta skal kuttast med heile 112 millionar kroner, og 50 av desse millionane skal kuttast innan utdanning.

Blant kuttforslaga er nedlegging av bygg og anleggsteknikk-tilbodet ved Surnadal vidaregåande skule.

Bru- og tunellprosjektet Nordøyvegen skal gje om lag 2 900 personar fastlandsforbindelse, og knyte dei rundt 10 000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy på Sunnmøre tettare saman.

Det skal gjerast via sjøfyllingar, undersjøiske tunellar og bruer, og det skal til saman byggjast 13 kilometer undersjøisk tunell, fordel på tre tunellar. I tillegg kjem åtte kilometer veg, inkludert tre bruer.

I desember 2016 gav fylkestinget klarsignal for prosjektet, då med ei kostnadsramme på snaue 3,5 milliardar. I juni 2018, etter at anboda kom inn, viste det seg at prosjektet gjekk på ein milliardsprekk.

Fylkesrådmann Guttelvik tilrådde difor fylkestinget å avlyse prosjektet, men i desember 2018 vart prosjektet nok ein gong vedteke, med 26 mot 21 stemmer, og med ein prislapp som no oversteig fem milliardar kroner.  
 

– Det har ikkje mangla på advarslar

Fylkestingsrepresentant og nyvalt ordførar i Rauma kommune, Yvonne Wold (SV), har heile vegen vore sterk motstandar av Nordøyvegen-prosjektet. Ho seier til Trollheimsporten at konsekvensane som no viser seg, i form av kutt i andre sektorar, dessverre ikkje kjem som noko overrasking.

– Nordøyvegen er ei enorm investering, med ein kapitalkostnad som gjer at det blir eit enormt press på økonomien til fylkeskommunen – spesielt dei første åra, før ein mottek ferjeanløsningsmidlar, seier ho, og fortsett:

– At det kom til å bli slik har vi sett heile tida, og det har ikkje mangla på advarslar, eller krystallklar tale frå fylkesrådmannen. Tillitsvalte har og ropa varsko, og eg har sjølv ropa med utestemme og advart kraftig mot Nordøyvegen.

– No ser vi konsekvensane, kva dette betyr av kutt.

ole stensby, yvonne wold og mons otnes ingr 2000_690x410.jpg
Yvonne Wold (i midten) på besøk ved Surnadal vidaregåande skole i slutten av august. Til venstre kommunestyrerepresentant og SV-politiker Ole Stensby, til høgre rektor Mons Otnes.
 

Snudde etter kostnadssprekk

Fylkestingsrepresentant Lilly Gunn Nyheim (AP) fortel at fleirtalet i partiet, inkludert ho sjølv, snudde i saka om Nordøyvegen. 9 av 12 representantar frå Arbeiderpartiet, inkludert Nyheim, stemte for å stoppe prosjektet etter milliardsprekken og fylkesrådmannen sine klare advarslar.

Noverande fylkesordførar Tove Lise Torve var på Stortinget den dagen det var avstemning, og var difor ikkje med i avstemninga. Vara Roger Osen var blant dei tre AP-representantane som stemte for Nordøyvegen.

– Vi i Arbeiderpartiet var opprinneleg for Nordøyvegen, men ikkje for ein kvar pris. Då den siste kostnadssprekken kom, tykte vi det var for dyrt.

Ho fortel at alvoret i saka, og konsekvensane for fylkesøkonomien vart klart for henne då fylkesrådmannen og fire av sjefane i fylkeskommunen kalla inn til ekstraordinært fylkesting for å fortelle kor alvorleg den økonomiske situasjonen var.

– Når fire frå toppleiinga i fylkeskommuneadministrasjonen står og rådar oss frå å vedta Nordøyvegen på grunn av dei økonomiske konsekvensane det vil få, då må vi lytte. Eg valte difor å følgje fylkesrådmannen si tilråding, og stemte imot å fortsette med prosjektet, seier Nyheim.

Fylkestingspolitikaren vil likevel ikkje gje Nordøyvegen åleine skulda for dei kutta som no er komne.

– Nokre av kutta som no er innstilte, hadde nok komme uansett, på grunn av at fylket er underfinansiert på ein del område. Vi vil utan tvil få ein pukkeleffekt av Nordøyvegen, og kutta vi ser no har heilt klart ein samanheng med det prosjektet, men Nordøyvegen kan ikkje ta skulda heilt åleine.

Andre postar Nyheim meiner bidreg til trang fylkesøkonomi er vedlikehaldsetterslep på fylkesvegar, statleg underfinansiering av ferjetilbod og nye tunellforskrifter, som pålegg fylket det Nyheim meiner er unødvendige oppgraderinga av tunellar.

– Alle desse tinga er store postar, som tek mykje fylkeskommunale midlar. Vi er underfinansiert frå staten på ein del område, som gjer at vi må bruke eigne midlar, og dreg på oss store kostnader, seier ho, og legg til:

– Dagens regjering skulle gje fylka fleire oppgåver, ikkje utgifter. Resultatet er at dei desentraliserer utgifter i bøtter og spann.
 

Ber folk komme med innspel til politikarane

Yvonne Wold er bekymra for økonomien i fylkeskommunen, og deler Nyheim sitt synspunkt om at ein er avhengige av betre statleg finansiering på ein del område.

– Eg trur fylkeskommunen etter kvart får problem. Vi har underfinansering frå statleg hald på fleire fagområde, som ferjetilbod, som er ein kjempekostnad for oss. Samtidig finst det område der vi kan effektivisere, og gje betre tilbod til innbyggjarane samtidig som vi rasjonaliserar drifta, seier ho, og fortsett:

– Og desse effektiviseringstiltak skal vi gjere, men det å legge ned linjetilbod er ikkje ein del av dette, etter mi meining. Det er viktig at vi rettar oss inn etter samfunnsbehova, det er ein viktig del av distriktsutviklinga.

Wold er glad for at fylkesrådmannen ikkje foreslår nedlegging av skular i budsjettforslaget sitt.

– Eg er glad for at han i forslaget opprettheld alle skular, og veit at det er dei dyraste tilboda han har forsøkt å ta ned.

– Det blir viktig i prosessen framover no at folk kjem med innspel til politikarane om kva lokalsamfunna treng for å oppretthalde kompetansen til det lokale næringslivet – kva behov dei har. Ein må lytte til folk, innspel frå skulesektoren og liknande, og deretter ta diskusjonar i partia om ein skal støtte forslaga frå fylkesrådmannen eller ikkje.

Rauma-ordføraren er klar på at det per i dag er lite handlingsrom i fylkesøkonomien.

– Det gjer at det dessverre blir kutt i alle sektorar. Vi i SV er veldig usamde i den prioriteringa som er gjort i Fylkestinget med tanke på Nordøyvegen, men når det vedtaket vart gjort, må vi jobbe ut i frå at føresetnadene er som dei er. Eg er usikker på om forslaga som vart lagt fram i budsjettet no er dei beste, seier Wold.

Ho håpar at totalbelastninga Nordøyvegen-prosjektet får på fylkesøkonomien, vert verst i starten.

– Samtidig veit vi at vi skal kutte med mange millionar kvart år i åra som kjem. Foreløpig har vi pengar i fond, men slik det ser ut er 2019 på mange måtar det siste gode året, før det går utforbakke med fylkesøkonomien, seier Wold.
 

– Surnadalsskulen må satsast på

Tidlegare Surnadal-ordførar Nyheim fortel at ho fredag skal i møte med etterfølgjar Margrethe Svinvik (SP) på ordføraren sitt kontor.

– Vi skal diskutere kva vi skal gjere for Surnadal sin del, seier Nyheim, som ikkje legg skjul på at ho er opprørt av ein del av dei foreslåtte budsjettkutta.

– Eg tykkjer det er frykteleg trasig, og det gjer vondt langt inn i hjerterota, at Møremusikarordninga kan forsvinne. Det gjer meg rett og slett forbanna, og det same med dei foreslåtte skulekutta, seier Nyheim, og legg til:

– Surnadalsskulen må satsast på, slik at den er attraktiv nok til at vi får behalde elevane frå Halsa og Rindal. Eg vil at ungdommane våre skal ha dei tilboda dei har.

Nyheim let seg og provosere av potensielle kutt i ferjetilbodet, og av kommentarar i sosiale medier som legg skulda for den tronge fylkesøkonomien på høge leiarlønningar.

– Det er fakta at fylkesordførarlønna Tove Lise Torve har, gjekk ned med 106 000, samanlikna med det Jon Aasen hadde i førre periode. Så det er ikkje rett at ein aukar leiarlønningane, dei er faktisk sett ned – utan at Tove Lise klagar i det heile tatt. All ære til henne for det.

AP-politikaren sukkar når ho fortel at ho, og dei fleste politikarar, startar sin politiske karriere fordi dei har lyst til å få til noko.

– Vi held på med dette fordi vi vil oppnå noko positivt, men realitetane no er at ein berre må kutte, seier Nyheim, og oppsummerer:

– Eg meiner oppriktig at det hadde vore betre for fylkespolitikken sin del at Nordøyvegen ikkje hadde vorte noko av. Men dessverre vart det Nordøyvegen, og dessverre får vi for lite pengar til ferje, vegar og tunell.