003_1024x683

Sentrumsplanen skapte engasjement

Plassane i Svorkasalen på Kulturhuset vart oppfylt og ekstra stolar måtte berast inn da sentrumsplanen for Surnadal vart presentert for bygdafolket torsdag kveld. Det er tydeleg at dette er ei sak som engasjerer mange i kommunen, ikkje minst dei som blir direkte berørte av innhaldet i planen. Sjå kva surnadalingane meinte om sentrumsplanen!

  

Sentrale karar under folkemøtet: Frå venstre arkitekt Jostein Bjørbekk og tettstadskoordinator i Møre og Romsdal, Arne Dag Gjerde. Alle foto: Norunn Holten

Målet eit attraktivt sentrum
Ordførar Mons Otnes leidde møtet på Kulturhuset, og peika innleiingsvis på kor viktig det er for kommunen å få ei slik plan. Målet med planen er å skape eit attraktivt sentrum i kommunen. Han peika på at det har blitt ei utfordring å oppretthalde folketalet også for Surnadal kommune, og refererte til undersøkingar som viser at det er kommunar med eit sterkt sentrum som står sterkast rusta mot avfolkinga som rammar den norske landsbygda. –Eit sterkt sentrum er ein stimulans for heile kommunen, meinte han. Han peika også på at det var hovudtrekka i sentrumsplanen som no var tema, og som skal opp til behandling i kommunestyret i februar. Det var derfor dette han ønska seg innspel på frå dei frammøtte.

Planen og planarbeidet vart likevel presentert før det vart opna for innspel frå publikum. Dette skjedde i regi Arne Dag Gjerde, tattstadskoordinator i Møre og Romsdal fylke, og arkitekt Jostein Bjørbekk. Gjerde greidde ut om tettstadsprogrammet i Møre og Romsdal fylke som vart starta i 1995. Til å begynne med var berre fem kommunar med på dette. I dag er alle kommunane i fylket med, deriblant også Surnadal. Gjerde peika også på at det er ein samanheng mellom byplanleggjing og byutvikling, og at denne planen derfor er veldig viktig for Surnadal. Han greidde også å ta det heile ned på eit lettfatteleg plan for publikum ved å vise mange konkrete eksempel på løysingar frå andre kommunesentrum i fylket, og nokre få frå andre land. Desse vart eit nyttig bakteppe i diskusjonen i etterkant.

Landskapsarkitekt Jostein Bjørbekk fortalte korleis det var arbeidd med sentrumsplanen for å koma fram til ei løysing som skal gjera sentrum attraktiv for både dei som bur eller arbeider i Surnadal, og dei som berre er der som gjestar. Planen var utarbeidd med tanke på at det skal bli eit sentrum som fungerer både for næring og handel og til bu og opphald. Bjørbekk beskreiv Skei i dag som eit veldig ope sentrum dominert av vegar og parkeringsplassar. To av hovudprinsippa som låg i botnen av planen, var å få eit meir fortetta sentrum, men også å få skilt ulike brukargrupper. I dag har vi til dømes både køyrande og gåande overalt, medan den nye planen legg opp til å skilje dei mjuke trafikkantane frå trafikken. Den nye planen legg også opp til to rundkøyringar, den eine i krysset inn til Skei, den andre i krysset mellom riksveg 65 og riksveg 670. Den siste hadde Vegvesenet sett seg imot.

Vil behalde Oppigard
Holger Skei har også tidlegare måtte finne seg i at sentrum har ete seg inn på eigedommen hans, og det vil også den nye sentrumsplanen gjera. Han likte ikkje å få vegen så tett innpå seg som sentrumsplanen legg opp til. Holger tykte det var gledeleg at alle dei tre arkitektkontora som hadde delteke i konkurransen om sentrumsplanen, ville behalde Oppigard. –Men da må det gjevast plass også til eit gardstun, meinte han. Dette var det fleire som støtta han i. Det er ikkje nok at berre bygningane blir ståande igjen slik det er gjort på Sunndalsøra, vart det hevda. Bjørbekk meinte det ikkje hadde så mykje å seie for støyen om vegen kom nærare husa. Han meinte det hadde meir å seie om det var hindringar mellom trafikken og husa, enn at avstanden vart kortare. Til dømes kunne det byggast ein steinmur langs vegen for å ta bort mykje av støyen frå biltrafikken, sa han.

Holger stilte også spørsmål til kostnadsberekningane for gjennomføring av sentrumsplanen. Han var redd desse kom til å bli mykje større enn berekna mellom anna på grunn av alt som ligg i jorda på Skei. Mons Otnes sa at kostnadsoverslaget for den nye vegen låg på 30 millionar, og motsa ikkje Holger i at det ligg ei viss usikkerheit i eit slikt overslag. Han konstaterte også at erfaringsvis blir kostnadane ved slike overslag heller større enn mindre enn berekna.

Rundkøyring og parkeringsplassar
John Magne Bæverfjord stilte spørsmål om kvifor Vegvesenet hadde sagt nei til rundkøyring. Han tykte også at den nye planen ikkje la opp til så mange nye parkeringsplassar når ein ser litt fram i tid. Bjørbekk svara at han hadde tolka Vegvesenet slik at riksvegane i dag skal vera rasjonelle, at det skal gå fort, og at dette var noko av grunnen til at tommelen vart vendt ned for rundkøyring. – Eit liv kostar meir! vart det raskt kommentert frå salen med henvisning til dødsulykka som for nokre år sidan vart ei påminning om kva prisen for fart kan bli. Elles meinte Bjørbekk at det enno er liten utnyttingsgrad av dei parkeringsplassane vi har i sentrum, og at det derfor til dagleg også vil bli nok parkeringsplassar i framtida med dei nye som er planlagt. Dette vil truleg ikkje halde når det er noko spesielt som går før føre seg, som t.d. Laksefestival, men Bjørbekk meinte ein ikkje kunne dimensjonere ein tettstad etter slike unntaksdagar.

Øyvind Johansen var ein av dei som tykte kommunen ikkje skulle sleppe tak i ønsket om rundkøyring. Han meinte kommunen måtte vera ein pådrivar for å få til dette. Han påpeika også at det er mange tomme bussar som køyrer gjennom sentrum, og stilte spørsmål til om dette kunne gjerast noko med.

Lilly Gunn Nyheim var også tilhengar av rundkøyringar. -Det må to rundkøyringar til. Dette skal vi ikkje gi oss på, sa ho og peika også på at tida arbeider for surnadalingane på dette området ettersom haldningane er i ferd med å snu når det gjeld rundkøyringar som dette.

Frå usynleg sentrum til skatepark?
Det mest positive innspelet til sentrumsplanen kom frå kanskje salens yngste, Sondre Ormset , som var kjempefornøgd med innhaldet i den. Kulturleiar Lilli Husby sa seg også samd med Sondre og dei som tykte det var mykje spennande i planen. Ho fokuserte på at det her også måtte tilretteleggjast for dei yngste, til dømes i form av ein skatepark. Bjørbekk tykte skatepark var ein god ide, og meinte dette måtte vera slikt ein burde få plass til i det grøntbeltet som er planlagt frå Kommunehuset til plassen framfor Kulturhuset. Lilli Husby meinte elles at det burde ryddast skog ved riksvegen som kjem frå Kvanne slik at folk som køyrer forbi, ser at det er eit sentrum der.

Gisle Bakkeli frå Profero var inne på mykje av det same. Han peika på at trafikken går forbi Skei, og at dei som køyrer forbi, også berre får sjå baksida av sentrum, til dømes varemottaket på Coop. Han ønska seg tiltak for å få folk til å ville stoppe opp i Surnadal. Han såg på det å få trafikken meir inn i sentrum som ei løysing på dette.

Parkeringsplassar
Parkeringsplassar var eitt av dei store tema under møtet. Var det mange nok og var dei riktig plassert? Planen legg opp til at surnadalingane i større grad må sette frå seg bilen og så gå litt meir rundt i sentrum, i staden for å køyre frå dør til dør som no. Fleire var skeptiske til om dette kom til å fungere fordi vi er litt godt vant det på dette området eller fordi vi rett og slett ikkje er innstilte på å bruke tid på å gå etter først å ha hatt ein lang køyretur inn til sentrum. Andre såg for seg at lukeparkering ville skape problem for surnadalingane, men da meinte Mons Otnes at vi i verste fall får arrangere lukeparkeringskurs.

Eit todelt sentrum?
Eit anna spørsmål som vart stilt av fleire, var om den planlagte husrekkja langsetter den nye vegen vil dele sentrum i to. Ole Ingar Strand var mellom desse. –Kva blir sentrum og kva blir bakgard? spurte han. Dordi Kjersti Mogstad meinte også det var viktig å ikkje dele Skei i to med ein bakhage og ein framhage, og at ein burde vera spesielt merksam på dette. Ho peika også på at bygningane i sentrumsplanen er innteikna nord-sør, og ikkje aust-ut slik byggeskikken i dalen er. Oppigard er eit eksempel på dette. Råg Ranes var mest opptatt av parkdraget frå Kommunehuset til Kulturhuset. –Vi må få til eit sentrum der vi får liv. Eg er redd vi brakklegg delar av sentrum, sa han og viste til Sunndal der liknande areal blir ståande ubruka. Bjørbekk tykte det var greitt at det ikkje alltid er folk på slike areal, og viste til at dei likevel kan ha ein funksjon, og at dei kan få ein plass i folk si bevisstheit over tid. Han viste som eksempel til at det var her folk i Sunndal hadde samlast etter 22. juli.

Kunstig bekk
Forslaget om ei vassåre frå Skei og ned til eit gjenskapt Svartvatn nede ved elva, vart også kommentert av nokre. –Eg fraus da eg såg bekken, sa Eivind Holte som var redd forureining av lakseelva Surna. Han meinte det ville bli sterke reaksjonar oppover elva dersom elva vart pumpa opp til sentrum og så køyrt ned igjen. Bjørbekk forsikra han om at ein ikkje hadde tenkt å sette laksen på spel. Ein måtte finne løysingar som gjorde at ein unngjekk dette.

Magnhild Dyrnes var bekymra for kva som ville bli løysinga i området kring undergangen og baksida av Mega. Ho var redd det ville bli vanskeleg å koma seg fram for bebuarane som etter kvart ville koma frå det ominnreidde Svorkabygget, at det ville bli trongt og mange parkerte bilar å passere. Bjørbekk meinte at ein ikkje trong å uroe seg for dette, og at terrenget skal ned på baksida av Domus. Krava til universell utforming er også ivaretatt i heile planen, vart det opplyst.

Jonny Melkild støtta opp om sentrumsplanen ved å poengtere at eit sterkt sentrum er viktig ikkje berre for ei bygd, men også grendene rundt. Han var likevel opptatt av den økonomiske sida av saka, og spurte om dei som hadde arbeidd med planen, hadde vurdert korleis det er å få med seg næringsliv, fylke og stat på finansieringa. Bjørbekk svara at fylket har lova å vera med på finansiering av vidare prosjektering og at det også på statleg hald er midlar å få i samband med tettstadutvikling.

Vi kan dessverre ikkje her ta med alle innspel som kom frå publikum i løpet av ein lang debatt, men ordførar, politikarar og administrasjon har mange fått mange gode innspel å ta med seg vidare i planprosessen. Lista for å ta ordet låg relativt høgt på møtet ettersom ein måtte tala til ei stor forsamling og at det måtte brukast mikrofon. Likevel var talarlista uvanleg lang, og det seier litt om engasjementet i saka.

 

 

 

 

 

 

 

 

Over: Til venstre: Mons Otnes og Holger Skei i diskusjon. Til høgre: Fullsett Svorkasal.

Under: Til venstre: Gisle Bakkeli diskuterer med Sondre Ormset og Lise Bjerknesli. Til høgre: Magnhild Dyrnes og Ole Ingar Strand ventar på svar på spørsmåla sine om sentrumsplanen.