Surnadal kommunevåpen 200x246

Semje om eigedomsskatt

Budsjettmøtet i Surnadal formannskap onsdag 16. november var eit møte prega av stor vilje til samarbeid mellom dei ulike politiske partia og vilje til å koma fram til felles, gode løysingar. Sjølv ikkje spørsmålet om eigedomsskatt splitta formannskapet. Grovt sett blir resultatet at det blir meir eigedomsskatt i snitt per husstand, men at skilnadane husstandane imellom blir mindre.

Fleire av medlemmane i formannskapet hadde fått tilbakemeldingar frå surnadalingar som opplevde eigedomsskatten urettferdig etter siste gjennomgang. Til dømes kunne naboar med relativ lik bustad oppleve å få ulik beskatning. Endringsforslaga som kom i samband med neste års budsjett, har derfor som mål å få ein meir rettferdig eigedomsskatt. Bernt Venås (Sp) innrømte at han var positivt overraska over haldningane til eigedomsskatt blant folk. Det var urettferdigheita folk reagerte på. –Får vi større rettferdigheit, får vi også større motivasjon til å betale eigedomsskatt, meinte han, og såg på årets justeringar av reglane som eit skritt i riktig retning.

Nils Petter Tonning (Frp) poengterte at Frp er imot eigedomsskatt, men trudde veljarane ville bli fornøgde med det budsjettet som no er lagt fram for 2012. Partiet godtok derfor den fordelinga av eigedomsskatten som budsjettframlegget la opp til.

Dersom tilrådinga går igjennom i kommunestyret, inneber dette at det vil bli skrive ut eigedomsskatt for alle eigedommar i kommunen, inkludert verk og bruk. For 2012 blir eigedomsskatten da fastsett til kr. 7,- av kvar 1000,- i takstverdi. For bustader og fritidseigedommar blir skatteøyre fastsett til 4,- av kvar 1000,- i takstverdi. Det blir vidare gjeve eit botnfrådrag på 300 000 kroner for alle sjølvstendige bustaddelar som ikkje blir bruka i næringsverksemd.