Picasa

Sauer drept av lynet

Fire sauer er truleg drept av lynnedslag nær toppen av Ura (h. 1178 moh). Dei vart funne av ein turgåar sist torsdag. Dei fire sauene, to vaksne og to lam, har lege nokre dagar, fortel Jon Kristian Aune.

Eigaren av sauene, Ingunn Tørset, Rindal, har sett på dei i lag med Lars Olav Lund frå Statens Naturoppsyn. Dyra låg ved ein liten dam ca. 10 minutt  gange aust for toppen av Ura. Lund meiner det er sannsynleg at dei er tatt av lynnedslag, for det var ingen teikn til rovviltskade på hovudet eller nakken.. Dei såg også ei "grøft" i grusen ved dammen. Det kan også indikere lynnedslag.

Ei forklaring kan vere at dyra hadde lege på våt mose rundt dammen og er råka indirekte av lynet ved nedslag. Det forklarar både spora i grusen og det at dyra låg samla.

Dette er enda eit bevis for at torever ikkje er til å spøke med i høgfjellet, og Ura er nokså utsett for lynnedslag.


Spor etter lynnedslaget.

Foto: Lars Olav Lund, Statens Naturoppsyn.