Langfredag lilje

Sanningsvitne

«Eg veit det, for eg har sett det med eigne auge!» Mange kunne bekrefte at Jesus døydde, vart lagt i grav og stod opp att tredje dagen fordi dei sjølve hadde sett det. Eller dei hadde høyrt det av nokon som hadde sett det. Kva så med oss? Kan det vera at tru og visse ligg nærare kvarandre enn me hadde tenkt over? Preika les du nedafor.

 

Eldresenteret Langfredag-14. 1.Kor. 15,1-11

 

Jeg kunngjør for dere, søsken, det evangelium jeg forkynte dere, det dere også tok imot, det dere også står på. Gjennom det blir dere også frelst, når dere holder fast på ordet slik jeg forkynte det, ellers blir det forgjeves at dere kom til tro. For først og fremst overga jeg til dere det jeg selv har tatt imot,
at Kristus døde for våre synder etter skriftene,

at han ble begravet,
at han sto opp den tredje dagen etter skriftene,
og at han viste seg for Kefas og deretter for de tolv.
Deretter viste han seg for mer enn fem hundre søsken på én gang. Av dem lever de fleste ennå, men noen er sovnet inn. Deretter viste han seg for Jakob, deretter for alle apostlene. Aller sist viste han seg for meg, jeg som bare er et ufullbåret foster. For jeg er den minste av apostlene, jeg er ikke verdig til å kalles apostel, for jeg har forfulgt Guds kirke.

 

Men ved Guds nåde er jeg det jeg er, og hans nåde mot meg har ikke vært bortkastet. For jeg har arbeidet mer enn noen av dem, det vil si ikke jeg, men Guds nåde som er med meg. Men enten det er jeg eller de andre – dette forkynner vi, og dette har dere tatt imot i tro.

 

Kva opnar vel ikkje Johannes sitt fyrste brev med: Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve livsens ord, det forkynner vi.

 

Og dermed veit me det: Apostlane kjem ikkje med noko vitnesbyrd som heng i lause lufta. Det er ikkje vitnesbyrd om ein type fantastisk, om enn heimelaga konstruksjon.

 

Apostlane vitnar om det dei har sett sjølv og det dei har høyrt sjølv og det dei veit. Dei veit at dei talar sant og treng ikkje meir legitimitet enn det.

 

Men kva veit dei som vitnar om at dei har sett og høyrt Jesus etter at han visseleg var død?

 

Nokre er augevitne og veit kva dei har sett. Og me kan gjerne tru forskarane som har funne ut og funne etterrettleg at det er fint lite i Jesu samtid som er betre bevitna enn det at Jesus døydde og Jesus stod opp. Når Paulus skriv om alle som har sett Jesus etter oppstandelsen, dreg han fram forskjellige med namn og tittel, og endå til er det 500 som såg Jesus på ein gong. Dei fleste lever fortsatt, så underforstått: Denne historia tålar godt å bli gått etter i saumane og undersøkt nærare. Ver så god!

 

 

Om mange er augevitne etter det dei har sett, er det endå fleire som veit kva dei har høyrt. Dei har høyrt augevitne fortelja og dei festa lit til at det var som det vart fortalt. Paulus var sjølv ein av desse som høyrde og tok bodskapen til etterretning.

 

Så får me det stadfesta her òg at tru bèr med seg mykje kunnskap. Ofte kan det bli slik at tru og viten blir to sider av same sak: Eg trur fordi eg veit det og eg veit fordi eg trur det.

 

Me som feirar påske, blir mint om dette som skjedde med Jesus frå Palmesundag til Skjærtorsdag, frå Langfredag til Påskedag. Det har skjedd, me har høyrt det og sett at me kunne ta det til oss – ikkje berre som sant – men også som eitkvart som angår oss.

 

Så kan me også i dag ha tillit til at det skjer: Jesus er i lag med oss. Han gjev seg sjølv for oss i Ordet som me har fått for å tru det og i nattverden som me har fått for å ta den til oss.