IMGP3278

Sammen skaper vi framtida

Denne veka har det vore ei stor regional samling i regi av Nettverk Nordmøre i Surnadal. «Sammen skaper vi fremtiden - region Nordmøre 2040» er utviklingsprosjektet nettverket arbeider med no.

Prosjektet «Sammen skaper vi fremtiden - region Nordmøre 2040» er tatt opp som show-case for OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling ) etter at leiaren for eit globalt utdanningsarbeid – Education 2030 – i OECD, Jørn Skovsgaard frå Danmark besøkte Nordmøre siste haust.

No er Nettverk Nordmøre med i ei global arbeidsgruppe «Future we want», og skal delta i OECD si 6. samling i Paris i mai. No arbeider nettverket med å dokumentere arbeidet, og deler av denne samlinga vart filma.

KS (Kommunenes Sentralforbund) sentralt har løyvd 4,7 mill. til hovudprosjektet vårt, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal ga 1,1 mill. i prosjektskjønn.

IMGP3272.JPG
Frå venstre: Jørn Thomassen - ass.utdanningsdirektør i Møre og Romsdal, Jørn Skovsgaard - OECD, Astrid Mogstad Høivik - kommunalsjef, Erling Barlindhaug, KS og Tore Skandsen - Stiftelsen IMTEC, rådgjevar i styringsgruppa.

På samlinga denne veka kom både Jørn Skovgård frå OECD, Erling Barlindhaug frå KS sentralt og ass. utdanningsdirektør i Møre og Romsdal, Jørn Thomassen, for å ta del i skapinga vidare saman med elevar, foreldre, tilsette, leiarar, rådmenn, ordførarar, nærings- og samfunnsliv og NTNU.

Onsdag var største samlingsdagen. Da møtte rundt 140 arbeidsplasstillitsvalde, skole- og barnehageleiarar, representantar for elevar og foreldre, utviklingsgrupper og andre tilsette i skole og barnehage, ped.psykologisk teneste, næringslivsaktørar, politikarar, helsearbeidar og andre samarbeidspartnarar.

IMGP3241.JPG
Målgruppa torsdag var det politiske og administrative eigarnivået med rådmenn, ordførarar, Fylkesmannen, KS og andre samarbeidspartnarar, faggruppa og andre partar i og rundt oppvekstsektoren.

Trollheimsporten konstaterte at seks av dei ti nordmørskommunane som er med i nettverket var representerte med ein eller fleire frå toppnivå i kommunen.

IMGP3278.JPG
Hilde Andersen (t.v.) og Astrid Mogstad Høivik.

Leiar for Nettverk Nordmøre er kommunalsjef i Surnadal, Astrid Mogstad Høivik. Ho leia samlinga i lag med skolefagleg rådgjevar i Sunndal, Hilde Andersen. Den tredje i leiinga er Christina Adelhardt Gregersen, utviklingsvegleiar og koordinator i nettverket, men ho var ikkje til stades torsdag. Tore Skandsen frå Stiftelsen IMTEC er rådgjevar i styringsgruppa.

IMGP3243.JPG

2018-03-22 10.44.28_690x920.jpg
Framtidsbegrepa slik dei stod på veggavisa bak Hilde og Astrid ovafor,

IMGP3246_690x858.jpg

Det er elevane sitt beste som er målet med arbeidet i alle oppvekstnettverk. Dei elevane som er født i dag, blir ferdige i 10. klasse i 2032.

IMGP3248.JPG

«Sammen skaper vi fremtiden» for desse elevane, og dybdelæring og livsmeistring er dei nye begrepa.

IMGP3251.JPG

Midt i ei orientering dukka Henning Sommerro opp og delte ei flott framføring av Nordmørsminner (Hyldbakk/Sommerro). Han var i Kulturhuset i samband med «Give me five».
- Vemodig vakkert, var kommentar fra salen.

IMGP3258.JPG
Jørn Skovsgaard hadde internasjonalt perspektiv over innlegget sitt og gav bilde av framtidas krav til utdanning og ferdigheter. Utfordringane kan vere skremmande, men også lovande.

Skovsgaard minte om dei store forandringane vi opplever – og vil oppleve: jobbane forandrar seg, medianalderen aukar, det blir forska på enzymar som får folk til å eldast – dagens ettåring kan bli 120 år! Færre engasjerer seg i demokratiske prosessar, folk føler seg ikkje hørt.

Dette er utfordringar oppvekstarbeidarane og utdanningssystemet vil møte framover. Dessverre har planverket lett for å ligge i etterkant av utviklinga og dei eser ut (sjå veggbildet lenger nede). Skovsgaard går for dybdelæring som har stor overføringsverdi.

2018-03-22 11.36.48.jpg

 

2018-03-22 10.46.44.jpg
Veggen var ikkje høg nok til alle måla i undervisningsplanane! Kva skal ut? - var spørsmålet dei stilte seg tidlegare i veka. Nedafor studerer Astrid Mogstad Høivik tidsskissa som går frå 2016 til i dag, der nøstet ligg, og så planane framover. Strekkjer tråden til?

IMGP3255.JPG

IMGP3262.JPG
Tore Skandsen frå Stiftelsen IMTEC er rådgjevar i styringsgruppa og jobbar med fleire slike nettverk i Norge, men også internasjonalt.

IMGP3265.JPG
Mona Reinset, barnehagesjef i Sunndal, fortalte om arbeidet i Sunndal. Samfunnet er i rask utvikling. Kva for ei verd møter dagens ettåringar? Kva slag undervisning treng dei? Vi veit lite om framtida, men kva ønsker vi, og kan vi påverke den. 

IMGP3276.JPG
Erling Barlindhaug er avdelingsdirektør for utdanning i KS. Han understreka at KS ikkje er eit tilsynsorgan, og heller ikkje eit direktorat som kan instruere kommunane. Berre når det gjeld tariffavtalar har kommunane plikt til å følge det KS har forhandla fram. 

Som kommunane sin organisasjon kjenner dei ansvar for kompetanseutviklinga i skolen. Desentralisert kompetanseutvikling er ei god løysing i distriktsnorge. Samarbeidslæring må styrkast. Det er laget som vinn fotballkampen, ikkje enkeltspelaren. 

Han presenterte også begrepet "kjølvannsstyring". Når du ror så ser du på kjølvatnet om du held rett kurs. Når du arbeider mot eit mål, må du vite kvar du kjem frå.

2018-03-22 14.24.20.jpg
Jørn Thomassen, ass.fylkesskolesjef i Møre og Romsdal, var kontakt hos Fylkesmannen for Nettverk Nordmøre, og er ein av dei gode hjelparane, sa Høivik. Han gjorde greie for endringar i måten pengar til prosjekt vart fordelte. På lengre sikt er det målet at dei skal gå direkte til kommunane. Da blir det enda meir nødvendig for små kommunar å samarbeide for at midlane skal rekke til mest muleg.

Lærarane må også trekkast meir inn i prosessane slik at dei får eigarskap til tiltaka. Har refererte vidare til tilsyn Fylkesmannen har i kommunane. Lærarane gjer ein god og oppofrande jobb rundt omkring, men det er ofte manglar i støttesystemet både når det gjeld kompetanse og kapasitet.

Enda er ikkje dagens kommunar klare til å fylle ansvaret dei har og gjere dei oppgåvene dei er tiltenkt.

2018-03-22 14.46.04_690x754.jpg

IMGP3273.JPG

IMGP3274.JPG

IMGP3282.JPG
Gruppene rundt borda oppsummerer.

2018-03-22 15.36.26.jpg
Jørn Skovsgaard hadde ei oppsummering. "Amazing", var kortversjonen av evalueringa hans av dagane i lag med Nettverk Nordmøre! Han karakteriserte arbeidet i nettverket som høgt på internasjonalt nivå. Derfor har han også opna for internasjonal deltaking, noko som er verdt å rose styringsgruppa for. Einaste negative merknaden var at involveringa av næringslivet nærmast mangla. Det kan det rettast på.

Dei tilreisande innleiarane og samarbeidspartnarane fekk med seg eit innråma bilde av fuglane nedafor.

IMGP3283.JPG